Hjem
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning

Radiologi for manuellterapeutar (etter- og videreutdanning)

Beskrivelse

Radiologikurset for manuellterapeutar gir ei innføring i bildediagnostiske moglegheiter og avgrensingar, med vekt på bildediagnostikk med relasjon til rørsleapparatet. Studenten skal kunne tolke beskrivelsar av røntgenbilde, inklusiv CT og MR-bilde, og sette dei i samanheng med kliniske funn.

Undervising i radiologi dekker metodelære, prosedyrelære, bildetolking, samt indikasjonar og algoritmar. Radiologiske funn blir knytt opp mot kliniske funn, med hovuvekt på muskel- og skjelettsystemet. Bildetolking er relatert til dei viktigaste sjukdommane innanfor rørsleapparatet og differensialdiagnostiske vurderingar. Undervisingsmaterialet inneheld bilde frå ei rekke kasus eller pasientar.

Målgruppe

Fysioterapeutar som har- eller held på med vidareutdanning i manuellterapi. Kurset er obligatorisk for dei som vil bli primærkontakt for pasientar med muskel- og skjelettplager.

Undervisning

Samling på ei veke i mars månad.

Teori / førelesingar frå kl. 08.30 til kl. 15.00

Gruppearbeid med casuistikkar frå kl 15.00 til kl. 17.30 frå måndag t.o.m. torsdag. Gruppene blir delt inn før kurset og gjennomgangen går føre seg på Radiologisk avdeling, Auditorium H113, Haukeland Universitetssjukehus.

Vurdering / eksamen

Eksamen er ei 2-timars skriftleg fleirvalgsoppgåve, som blir avvikla fredag etter den siste førelesinga.

Vurderingsresultatet blir gitt som bestått / ikkje bestått. Karakteren Bestått krev rett svar på meir enn 60% av oppgåvene. 

Opptaks- og forkunnskapskrav

Du må dokumentere at du har bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarande og norsk autorisasjon som fysioterapeut. I tillegg må du levere inn dokumentasjon på at du har begynt på eller fullført eit mastergradsstudium i manuellterapi som er jamgodt med klinisk mastergradsstudium i manuell terapi ved Universitetet i Bergen.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:

UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

For spørsmål om fagleg innhald:

Institutt for global helse og samfunnsmedisin
iselin.kvamme@uib.no
Tlf: 55589331

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    20.03.2020, 12:00
    Varigheit
    2 timer
    Trekkfrist
    01.02.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen

Tilgjengelege kurs

Vår 2020
Pris: NOK 12000
Søknadsfrist: Frist utløpt