Hjem
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning

Undervisning i kontroversielle tema

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeHRDID600
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Beskrivelse

Kurset tek opp og problematiserer undervisning i kontroversielle tema med historisk og samtidig perspektiv. Sentrale tema er tilhøvet mellom historisk minne og forgløyming, historiebruk, fleirkulturalitet, media og populærkultur.

Etter endt kurs skal du ha kunnskapar om kva som kan opplevast som kontroversielle tema i ulike settingar i tid og ro. Kurset skal gjere deg betre rusta til å leie diskusjonar om kontroversielle tema i klasserommet og du skal kunne reflektere over di eiga undervisning om slike tema.

Målgruppe

Kurset rettar seg mot lærarar som underviser i KRLE eller samfunnsfag på ungdomstrinnet, eller i religion og etikk eller historie i den vidaregåande skulen.

Undervisning

Seminar og førelesningar, med totalt fem samlingar over to semester.
Det er obligatorisk å delta på samlingane samt å ha eit seminarframlegg.

Du vil dessutan få individuell rettleiing på semesteroppgåva.

Vurdering / eksamen

Vurderingsforma på dette kurset er individuell semesteroppgåve, med justerande munnleg eksamen.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Du må dokumentere undervisningskompetanse tilsvarande 30 studiepoeng eller meir i dei aktuelle undervisningsfaga.

Tilbud om studieplass

Dersom du tilfredsstiller krav til forkunnskapar vil du få tilbod om studieplass innan 14 dagar etter at søknadsfristen er gått ut.

Det er 20 studieplassar på dette kurset. Dersom det er mange søkarar vil tilsette ved UiBs partnarskular blir prioriterte.

Kontakt

Kontakt

Dersom du har spørsmål om søknad og opptak:

UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

Dersom du har spørsmål om fagleg innhald i kurset:

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
v/ Jannie Idsal

55 58 23 09
jannie.idsal@uib.no

Tilgjengelege kurs

Ingen tilgjengelege kurs