Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i italienskstudium (nett)

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeITAL620
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og italiensk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert. Dette emnet finst òg som vanleg campusstudium (ITAL100) i Bergen.

Mål og innhald

Emnet gjev ei elementær innføring i moderne italiensk. Det er basert på ein lærepakke og skal kunne utgjere grunnlaget for vidare studium i italiensk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Studenten har tileigna seg hovuddraga i italiensk uttale og grammatikk og det grunnleggjande ordtilfanget og dermed skaffa seg grunnlag for vidare studium i italiensk.

Dugleik

  • Studenten kan kommunisere på italiensk på eit elementært nivå. 

Generell kompetanse

  • Studenten har ei viss innsikt i italienske samfunnstilhøve og kultur som kan kome til nytte både i andre studium og i yrkeslivet.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Det er ein føremon for den einskilde student å ha lært seg enkel italiensk før ein melder seg til dette emnet.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for ITAL620 redusert med 10 studiepoeng dersom emnet blir kombinert med ITAL100, ITAL001 eller ITAL002.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i form av videoforelesingar og seminararbeid via den digitale læringsplattforma Mitt UiB.

Studentane vil få tilgang til ei digital førebuingspakke (med videoforelesingar, skriftleg materiale, oppgåver o.l) på Mitt UiB.

Omfanget av seminarundervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime kvar veke i ein periode på til saman 10 veker. I seminarundervisninga vil vi hovudsakleg følgje opp tema frå videoundervisninga og løyse oppgåver. Det er ein føresetnad at studentane deltar aktivt i seminarundervisninga for å kunne nå læringsmåla.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av seminarundervisninga på Mitt UiB. I tillegg må studentane levere innan fastsette fristar tre obligatoriske oppgåver knytt til dei tema det vert gjeven undervisning i. Fristane vert kunngjort seinast ved undervisningsstart for emnet, og dei obligatoriske oppgåvene vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Alle oppgåver må vere godkjent i eitt og same semester for å kunne gå opp til vurdering i emnet.

Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldig i det semesteret dei vert gjennomført og i semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er ein skriftleg eksamen heime med eit omfang på to timar med ein time teknisk tilleggstid (totalt tre timar). 

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne ved skriftleg eksamen heime.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av det obligatoriske arbeidskravet frå semesteret før.

Litteraturliste

Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar på Mitt UiB innan 1. juni for haustsemesteret.

Emneevaluering

Undervisningsopplegget blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for italiensk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og UiB Videre har ansvar for opptak til emnet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar.if@uib.no 

Eksamen: eksamen.if@uib.no

Opptak: videre@uib.no