Bacheloroppgåve
- Studiepoeng30
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeJOU250
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
30 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår og haust
Undervisningsstad
Media City Bergen
Mål og innhald
Målet med dette emnet er å auke studentane sin analytiske kompetanse og deira profesjonsorienterte ferdigheiter gjennom ei innleiande seminarrekke om likskapar og skilnader i journalistisk og samfunnsvitskapleg metode, og korleis det eine kan komplimentere det andre. Kjeldesøk, kjeldekritikk og etiske problemstillingar vil bli drøfta. I tillegg kan det bli gitt tilbod om aktuelle, faglege workshops som grunnlag for idéar til deloppgåvene.
Deretter skal studentane gjere ei todelt bacheloroppgåve: ei analytisk basert på ei empirisk undersøking eller på samanliknande drøfting av teori, og ein større journalistisk produksjon med ein analytisk fokusert produksjonsrapport. Den praktiske delen kan også byggje på eit journalistisk produkt som er gjort/publisert av studenten tidlegare. Då vil krava til analytisk djupne i produksjonsrappporten bli tilsvarande høgare.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har brei kunnskap om sentrale likskapar og skilnader mellom journalistisk og samfunnsvitskapleg metode, både kvalitativt og kvantitativt
- har brei kunnskap om korleis ulike analoge og digitale verktøy kan nyttast for å samle inn, analysere og visualisere ulike typer data på ulike plattformer
- har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, historie, problemstillingar, prosessar, og verktøy innafor fagområdet journalistikk
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke teoretisk og metodisk innsikt til å utvikle og gjennomføre eit vitskapleg forskingsdesign eller ein større produksjon med refleksjonsrapport
- kan reflektere analytisk og prosessuelt over eigne prosjektdesign og gjennomføringa av desse
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre journalistisk arbeid aleine eller i gruppe, over kortare eller lengre tid og på fleire plattformar og i tråd med yrkesetiske krav og retningslinjer
- kan formidle sentralt fagstoff og reflektere skriftleg og munnleg over eigne journalistiske tilnærmingar
- har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar og kan bruke kvalifisert journalistisk skjønn
- kan bruke den journalistiske kompetansen til å søke etter, og formidle, ny kunnskap i ulike fysiske og digitale kontekstar
- kjenner til nytenking og innovasjon innan fagområdet og kan nyttiggjere seg dette
Tilrådde forkunnskapar
MEPRO100
Studiepoengsreduksjon
- MEVI260 (10 sp)
- MEVI265 (30 sp)
Krav til studierett
Bachelorprogram i journalistikk (BASV-JOU)
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar og rettleiing
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking i teori- og metodeseminar
- Rettleiing i samband med bacheloroppgåva
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen
Vurderingsformer
Bacheloroppgåve: ei todelt oppgåve: ei analytisk basert på ei empirisk undersøking eller på samanliknande drøfting av teori, og ein større journalistisk produksjon med ein analytisk fokusert produksjonsrapport. Kvar del tel 50% av den samla karakteren.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Bacheloroppgåve
Eksamensdel: Analyseoppgåve
- Innleveringsfrist
- 01.12.2022, 14:00
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Produksjon og produksjonsrapport
- Innleveringsfrist
- 01.12.2022, 14:00
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen