Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Innføring i kjønnsstudier

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

KVIK 100 gir ei brei og grunnleggjande innføring i sentrale omgrep i studiet av kjønn. Studentane får øving i å tenkje kritisk om kjønn gjennom arbeid med historiske og notidige tekstar, og med kjønnsrepresentasjonar i sosiale, kulturelle, politiske og vitskapelege samband. Emnet introduserer studentane til vidare tverrfagleg arbeid med kjønn og kjønna representasjonar innan ei rekkje fagdisiplinar. Emnet legg vekt på å øve studentane opp i sjølvstendig vitskapleg tenking og analyse, og i å kunne skrive akademiske tekstar med kjønnsproblematikk. Studentane skal og øvast opp i å søkje alternativ informasjon og kunnskap på eiga hand.

KVIK100 er eit obligatorisk emne i bachelorprogrammet i kjønnsstudium.

Læringsutbyte

 Ein kandidat som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 Kunnskapar:

Kandidaten...

- kjenner til grunnleggjande omgrep i studiet av kjønn

Ferdigheter:

Kandidaten...

- kan reflektere sjølvstendig over kjønna representasjonar i notidige og historiske tekstar, og i sosiale, kulturelle, politiske og vitskaplege samband

- kan drøfte relevansen av kjønnsperspektiv på andre fagområde og i aktuelle problemstillingar, og reflektere kritisk over ulike former for kjønnsstudium

Generell kompetanse:

Kandidaten...

- kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form

- kan leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

 10 SP reduksjon med KVIK110

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vil bli gitt som førelesingar, normalt ein dobbeltime i veka over 12 veker, og seminar, normalt ein dobbeltime i veka over 6-10 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1. Det er obligatorisk oppmøte på seminara ( minst 75 % ).

2. Studenten skal levere litteraturliste.

3. Studenten skal levere eit skriftlig utkast til semesteroppgåve og få rettleiing på denne.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve og skuleeksamen (2 timar). Oppgåva skal vere på om lag 2500 ord, og over eit emne vald i samråd med emneansvarleg. Semesteroppgåva vil telje 70 % og skuleeksamen 30 % for den endelege karakteren.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Litteraturliste

 Pensum er sett saman av tekstar henta frå ulike fagområde som tek opp spørsmål knytt til kjønn og seksualitet.

Tekstane er på norsk og engelsk.

Pensum er på om lag 600 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og skriftleg skoleeksamen

    Trekkfrist
    01.11.2019
    • Eksamensdel: Semesteroppgåve

      Innleveringsfrist
      06.12.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen

      Dato
      15.11.2019, 09:00
      Varigheit
      2 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen