Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Innføring i latin

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål: studentane skal vere i stand til å lese og skjøne enkle latinske tekstar med god grammatisk og leksikalsk innsikt.

Innhald: emnet gjev ei elementær innføring i latinsk språk gjennom grammatikkundervisning og lesing av normaliserte latinske prosatekstar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Kandidaten har grunnleggjande kjennskap til latinsk språk og grammatikk.

Ferdigheiter
Kandidaten kan
- lese latinske tekstar på eiga hand med bruk av grammatikk og ordbok
- analysere syntaktiske trekk i latinska tekstar
- omsetje latinska prosatekstar til eit moderne språk.

Generell kompetanse
Kandidaten kan
- setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
- arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

Fullt overlapp med det tidligare emnet LAT101 (15 stp).

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (over elementarboka) og øvingar i praktisk språkmeistring.

Om lag 48 timer med normalt 4 timar undervisning i veka.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk frammøte på førelesingane (minimum 75%).

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen på 6 timar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A¿F.

Vurderingssemester

Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Pensum inneheld latinske tekstar og sekundærlitteratur som omtaler hovuddraga i grammatikken, normalt i form av ei elementærbok i latin og en skolegrammatikk (t.d. V. Roggen, et al., Omnibus 1, og S. Eitrem, Latinsk grammatikk).

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for klassiske fag har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Fagmiljøet i klassiske fag

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske fag har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Trekkfrist
    02.02.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen