Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Latinsk prosa og grammatikk II

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål: Emnet gir auka kunnskap i latinsk ordforråd, formlære og syntaks, og eit oversyn over romersk litteratur- og kulturhistorie.

Innhald: Lesing av sentral prosatekst frå antikken. Det er førelesingar om syntaks, formlære og tekstens historiske bakgrunn.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har

- auka kjennskap til latinsk språk og grammatikk,

- innsikt i det romerske samfunnet og litteratur

Ferdigheiter

Kandidaten kan

- lese latinske tekstar på eiga hand med bruk av ordbok

- identifisere former og analysere setningar på latin ved hjelp av grammatikk.

- omsetje enkle norske setningar til latin.

- gjere greie for viktige romerske forfattarar, politikarar, og hendingar innanfor latinskspråkleg litteratur og kultur.

Generell kompetanse

Kandidaten kan
- setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
- arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Latinkunnskaper tilsvarende fullført LAT102.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet. Se UHL §3-10.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gjeven i form av førelesingar over delar av pensum og øvingar i praktisk språkbruk, m.a. gjennom omsetjingar frå norsk til latin.

Om lag 42 timar, tre gonger i veka siste halvdel i semesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Skuleeksamen på 6 timar med ordbok.

Hjelpemiddel til eksamen

Ordbok. Ordboka skal vere frå latin til morsmål eller frå latin til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Johanssen, Nygaard etc., Latinsk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.

Karakterskala

Karakterskala A til F.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum er på omlag 80 sider latinsk tekst (30 liner = 1 side). Minst 50 av desse vert lesne i kommenterte utgåver. Dessutan inngår ei handbok i latinsk grammatikk og eit oversyn over romersk litteraturhistorie.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for klassiske fag

Emneansvarleg

Fagmiljøet i klassiske fag

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Trekkfrist
    09.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen