Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Diskrete strukturar

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet dekker enkel mengdelære og logikk, funksjonar og relasjonar, permutasjonar og kombinasjonar, innføring i bevisteknikkar inkludert induksjon, enkle algoritmar bl.a. med rekursjon og sanningsbevis, grafterminologi, grammatikk for enkle språk og endelege automatar.

Læringsutbyte

Etter fullført MNF130 skal studenten kunne

  • gjennomføre enkle formelle resonnement i utsegnslogikk og predikatlogikk, bl.a. ved bruk av induksjon.
  • bruke elementær mengdelære til å formulere enkle problemstillingar på ei matematisk presis måte ved bruk av funksjonar og relasjonar.
  • bruke dette på eit elementært nivå innan algoritmar, talteori, sannsynsrekning, kombinatoriske problem, grafar og formelle språk.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret. 

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen på 3 timar. Det er høve til å gi karakter på oppgåvene som kan inngå i sluttkarakteren.

Grunna korona: Våren 2021 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

  • Skriftleg digital skuleeksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen på campus

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

IM005: 10 SP. INFO102: 5 sp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studierettleiar på Insituttet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    28.05.2021, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    14.05.2021
    Andre opplysninger
    Våren 2021 er det følgande endring i vurdering: skriftleg digital eksamen heime i staden for skriftleg eksamen på campus. Spring 2021: Digital examination from home instead of examination on campus
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen