Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Folkemusikkutøving 2

Studiepoeng, omfang

30 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å utvikle vidare dugleik, kunnskapar og formidlingsevne i folkemusikkutøving.

Innhald:

Studieopplegget tek utgangspunkt i den tradisjonelle opplæringa i folkemusikken, med

vekt på munnleg og direkte tradering. Emnet omfattar:

- Læremeistersamvær, pedagogikk, eiga øving, teknisk utvikling

- Trening i formidling, PA- og opptaksteknikk og spel/song til dans

- Spel/song i ulike samarbeidsformer

- Tilleggsinstrument

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* har god forståing av tradisjonen i læremeisteren sitt distrikt og kunnskap om kjende utøvarar, slåttar/songar, slåttetypar/vokalgenrar, tradisjonslinjer, takt og rytme, spelestil/songstil, tekstforståing/dialektvariantar og tradisjonen sin pedagogikk

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan utøve tradisjonsmusikk med god musikalsk og teknisk dugleik, eit breitt og variert repertoar og sjølvstende når det gjeld personleg uttrykk

* har ferdigheit i dansespel/slåttetralling og grunnleggjande ferdigheiter på tilleggsinstrument og i PA- og opptaksteknikk, og kan evaluere eigne opptak, både musikalsk og lydteknisk

Generell kompetanse

Studenten ..

* viser god formidlingsevne og evne til musikalsk orientering i samspelsituasjonar.

Krav til forkunnskapar

Greidd eksamen i emnet MOB120 Folkemusikkutøving 1.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Læremeistersamvær (individuelle undervisningstimar), pedagogikk, eiga øving, teknisk utvikling:

Dette er den viktigaste delen av studiet.

I starten av 1. semester blir det lagt opp ein arbeidsplan for samværet med læremeister.

Framdrifta blir evaluert ved slutten av semesteret, og planen revidert i høve til målsetjinga. Studiet vil gje høve til individuelle timar eller gruppeundervisning i speleteknikk/songteknikk med andre lærarar enn den personlege læremeisteren, og individuelle timar med utøvarar frå andre tradisjonsområde.

Trening i formidling, PA- og opptaksteknikk og spel/song til dans:

Gjennom heile studiet blir det lagt opp til aktiv trening i formidling. Dette skjer gjennom konsertar i ulike format, både internt på Ole Bull Akademiet og ved ulike typar offentlege konsertar. Studentane skal få praktisk trening i PA-bruk og opptaksteknikk, i dansespel/slåttetralling, og for vokalstudentane blir det også praktisk innføring i songdans og songleikar.

Spel/song i ulike samarbeidsformer:

Gruppeundervisning. Målet er å utvikle evne til musikalsk orientering i samspelsituasjonar. Dette kan vere eit samarbeid med musikarar innanfor eigen sjanger eller på tvers av ulike musikksjangrar («cross-over»).

Tilleggsinstrument:

Individuelle timar på instrumentet som vart valt i emnet MOB120 1. studieår.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Individuell undervisning i hovud- og tilleggsinstrument, gruppeundervisning, deltaking i studentkonsertar og deltaking i song/spel til dans er obligatorisk. Undervisninga er obligatorisk med krav om minimum 80% frammøte, dersom ikkje anna er nemnt.

Studentane skal levere inn skriftleg rapport over gjennomførte undervisningstimar på hovudinstrument ved slutten av kvart semester.

I eksamenssemesteret skal det leggjast fram ei repertoarliste på 120 minutt spel/song (inkl. 60 minutt frå MOB120 Folkemusikkutøving 1 eller tilsvarande). Repertoarlista skal vere godkjend av faglærar og leverast inn til studieadministrasjonen innan ein månad før eksamenstidspunkt.

Studenten gjer framlegg om eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar og studieleiing innan ein månad før eksamen.

Studenten si deltaking i obligatoriske faglege aktivitetar skal vurderast som godkjend/ikkje godkjend før avsluttande eksamen. Godkjend obligatorisk arbeid er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt.

Vurderingsformer

Spelet/songen vert vurdert ved ein avsluttande, offentleg eksamenskonsert på 45 minutt.

Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergens kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Ole Bull Akademiet kan kontaktast her:

oba@olebull.no

Tlf 56 51 65 00

Eksamensinformasjon