Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Musikkteori fordjuping

Studiepoeng, omfang

Emnet MUG112 Musikkteori fordjuping har et omfang på 15 studiepoeng og er normert til to semester.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål: Emnet byggjer på MUG107 Musikkteori I, men med større vektlegging av lærestoff og aktivitetar tilpassa den enkelte studenten sine interesser.

Innhald: Emnet består av ulike modular.

Studenten vel tre modular: enten Sonatesatsform eller Musikalsk analyse, i tillegg til to valfrie modular.

- Sonatesatsform

Modulen fokuserer påanalyse av wienerklassiske sonatesatsar med utgangspunkt i William E. Caplins teori. Rettleia semesteroppgåve: Analyse av ei sonatesatsform. Semesteroppgåve skal innleverast ved avslutning av modulen.

- Musikalsk analyse

Modulen består av ein kort introduksjon til fagfeltet musikalsk analyse. Blant emna som vert behandla er beskriving, segmentanalyse, linjeføringsanalyse og forholdet mellom tekst og musikk. Analyse av ein sjølvvald sats. Semesteroppgåve skal innleverast ved avslutning av modulen.

Valbare modular (med atterhald om igangsetting og kapasitet):

- Romantisk harmonikk

Modulen fokuserer på det harmoniske språket i den romantiske perioden (1820-1900). Studentane får eit verkpensum. Etter fullført modul skal studentane kunne gjere greie for harmonikken sin utvikling i perioden. Studenten leverer inn minimum fire oppgåver i løpet av modulen.

- Kontrapunkt

Modulen tar sikte på å gi ein introduksjon til kontrapunkt frå det 16. og 17. hundreåret. Studenten får ei forståing av kontrapunktteknikkar gjennom analyse, skriftlege og praktiske øvingar av musikkeksempel frå denne perioden. Etter å ha fullført modulen skal studenten kunne analysere ein fleirstemmig kontrapunktsats frå det 16. eller 17. hundreåret, og kunne skrive 2-stemte kontrapunktsatsar. Studenten leverer inn minimum fire oppgåver i løpet av modulen.

- Improvisasjon

Modulen søker å avspegle musikken sine mange uttrykksmidel på tvers av genregrenser. Etter å ha fullført modulen skal studenten ha ei musikalsk oppfatning og uttrykksevne fundert i improvisatorisk arbeid med grunnelementa melodi, rytme, klang, harmonikk og form. Studenten skal ha minimum to framføringar i gruppa. Munnleg prøve i avslutninga av modulen.

- Bruksarrangering

Modulen er eit innføringskurs i musikalsk arrangering innanfor ulike stilarter. Etter å ha fullført modulen skal studenten ha utvikla basisferdigheiter i arrangering av songar, viser og enkle satsar for mindre instrumentale og vokale besetningar. Kurset omfattar ei grunnleggjande innføring i dei ulike instrumenta si eigenart, funksjon, notasjon og omfang. Studenten leverer inn minimum fire skriftlege øvingar i løpet av modulen.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* kan identifisere grunnelementa melodi, rytme, klang, harmonikk og form i utvalde musikkverk

* kan dokumentere kunnskap om musikalsk struktur i valde modular

Ferdigheiter

Studenten ..

* har medvit om og praktiske ferdigheiter knytte til lytting, notasjon og formidling innanfor eit breitt spekter av musikalske stiluttrykk

Generell kompetanse

Studenten ..

* kan anvende og dokumentere relevant musikkteoretisk kunnskap

Krav til forkunnskapar

Greidd eksamen i MUG107 Musikkteori I.

Studiepoengsreduksjon

Emnet erstattar MUG108 Musikkteori II.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Studentane blir normalt fordelt i grupper på fire til åtte studentar. Kvar modul har ein undervisningsperiode på åtte veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta på førelesingar og gruppeundervisning i tre valde modular. Fråvær på meir enn 20 % fører til tap av eksamensrett.

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav på kvar valde modul er gjennomført og godkjent.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Sonatesatsform: Rettleia semesteroppgåve.

Musikalsk analyse: Rettleia semesteroppgåve.

Romantisk harmonikk: Fire oppgåver.

Kontrapunkt: Fire skriftlege øvingar.

Improvisasjon: To framføringar i gruppa, munnleg prøve.

Bruksarrangering: Fire skriftlege øvingar.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Emnet erstattar MUG108 Musikkteori II.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon