Barokkmusikkens historie og idégrunnlag
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeMUV242
- Talet på semester2
- SpråkNorsk og/eller engelsk.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15 stp
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet MUV242 har som mål å auke kjennskapen til sentrale teoriar og diskusjonar knytt til mimesis, retorikk, affektlære, polyfon og homofon komposisjon, opera, nasjonale stilar (italiensk, fransk, engelsk, blanda stil) for perioden (1600-1770).
Innhald:
Studiet tar opp og problematiserer barokken som avgrensa idéhistorisk epoke
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
* kan gjere greie for dei viktigaste stildannande trekka for barokken som epoke
* kjenner inngåande eit utval av musikk for perioden
Generell kompetanse
Studenten ..
* kan reflektere over samanhengen mellom idear/teoriar og deira innverknad på musikken i perioden.
Krav til forkunnskapar
Emnet MUG117 Musikkhistorie klassisk må vere gjennomført. Søkjarar med utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar må kunne dokumentere tilsvarande bakgrunn.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Ingen
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
I førelesingar og oppgåveseminar vert det undervist i dei sentrale stiltrekka for barokken som stil- og idéepoke.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Førelesingar
- Oppgåveseminar
- Oppgåverettleiing
All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Vurderingsformer
Mappevurdering av to innleverte arbeid. Kvart arbeid skal ha eit omfang på ca. 10 sider. Begge må vere greidd. Studenten vel sjølv ut eit arbeid som grunnlag for eksamensvurdering.
Eit av arbeida kan inngå i et gruppearbeid med 2-4 deltakarar.
Dette arbeidet kan ikkje vere grunnlag for eksamensvurdering.
Intern sensur med minst to sensorar.
Karakterskala
Bokstavkarakterar frå A til F.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Det vert lagt opp til eit lesepensum på ca. 1000 sider og eit lyttepensum på om lag 140 minutt. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.