Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Hovudinstrument musikkvitskap

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet skal gje studenten eit kunstnarleg og teknisk fundament for kreativ, allsidig og sjølvstendig arbeid. Emnet skal utvikle ferdigheiter, kunnskap og formidlingsevne i song eller på instrument.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten..

  • Har grunnleggende kunnskap om hovedinstrument sin konstruksjon og virkemåte, historikk og tradisjon.

Ferdigheiter

Studenten..

  • Kan framføre eit kort repertoar på instrumentet.

Generell kompetanse

Studenten..

  • Har innsikt til å arbeide på eiga hand med tekniske utfordringar.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod som valemne til studentar på Bachelorprogrammet i musikvitskap. Bestått opptaksprøve til emnet: 10 minuttar sjølvvalt repertoar.

Krav til studierett

Studierett på Bachelorprogram i musikkvitskap.

Emnet har opptaksprøve.

Arbeids- og undervisningsformer

 Emnet fokuserer på:

  • eigne evner som utøvar
  • instrumentkunnskap/stemmefysiologi
  • interpretasjons- og repertoarkunnskap
  • ensemblespel

Eigne evner som utøvar:

Studenten skal utvikle grunnleggjande teknisk og musikalsk ferdigheit gjennom individuell rettleiing, eiga øving og samspel.

Instrumentkunnskap/stemmefysiologi:

Studenten skal få kjennskap til konstruksjonen/fysiologien, verkemåten og historikken til instrumentet/stemma. Det vert vist til relevant litteratur.


Interpretasjons- og repertoarkunnskap:

Studenten skal arbeide med minst tre relevante sjangrar og/eller stilartar (kan inkl. improvisasjon).

Ensemblespel:

Studenten bør vere med i ensemble (inkludert duo) med relevant repertoar.

Repertoarkrav:

Studenten skal innstudere minimum 20 minuttar repertoar, der 10 minuttar er ensemblespel. Repertoaret skal verte dokumentert i eksamenssemesteret og levert på eige skjema innan 15. november, godkjent av faglærar.


All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Individuell rettleiing.

Fellestimar relatert til instrument/instrumentfamilie.

Det inngår ingen akkompagnatørressurs i emnet.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Eksamen vert gjennomført som ei konsertframføring av eit repertoar på 10 - 15 min.

Intern sensur.

 

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Litteraturliste

Individuelt pensum blir utarbeid.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Eksamensinformasjon