Norrøn filologi masteroppgåve
- Studiepoeng60
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeNOFI350
- Talet på semester4
- SpråkRettleiinga blir gjeven på norsk, dansk, svensk eller engelsk, eller andre språk etter avtale med studenten.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
60
Studienivå (studiesyklus)
Master.
Undervisningssemester
Vår og haust
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Masteroppgåva skal skrivast om eit sjølvvalt tema som skal endeleg godkjennast av rettleiar. Oppgåva skal vere ei vitskapleg gransking basert på norrønt primærmateriale, men det er òg rom for å skrive forskingshistoriske arbeid. I oppgåva må studentane dokumentere evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og meistre den framstillings- og dokumentasjonsteknikken som høver for temaet
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ein kandidat med masteroppgåve i norrøn filologi frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen
- har avanserte og djuptgåande kunnskapar innanfor temaet for masteroppgåva
- har omfattande og god kunnskap om mellomalderfilologiske teoriar og forskingsmetodar med relevans for masteroppgåva
- har god forståing for dei vitskapsteoretiske problemstillingane i temaet for masteroppgåva
- kjenner til den aktuelle debatten om sentrale problemstillingar innanfor fagområdet
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan planleggje og gjennomføre eit større norrønfilologisk forskingsprosjekt
- kan bruke aktuelle teoriar og metodar til sjølvstendig forsking
- kan analysere og granske kritisk etablerte mellomalderfilologiske teoriar, metodar og forståingsrammer
- kan analysere og ha ei kritisk haldning til både norrøne kjeldetekstar og vitskaplege arbeid om dei
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan gjennomføre eit større akademisk forskingsprosjekt med høg grad av sjølvstende
- kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege tema
- kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk, har også kompetanse i å lese tekstar på andre språk enn desse
- kan drøfte filologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt til desse
- kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Kurset overlappar ikkje med andre emne.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i norrøn filologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Studenten førebur og arbeider med masteroppgåva i nært samarbeid med ein fagleg rettleiar. Rettar og plikter for begge partar er forklarte i ein rettleiingskontrakt som er tilgjengeleg ved instituttet. Både rettleiar og student må leggje vekt på at temaet og opplegget for masteroppgåva gjer det mogleg å fullføre arbeidet innanfor normert studietid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Innlevering av ei masteroppgåve og ein justerande, munnleg eksamen.
Masteroppgåva skal normalt ha eit omfang på 70-110 sider (140 000-220 000 teikn inkl. mellomrom). Ulike vedlegg kan kome i tillegg til dette sideomfanget. Slike vedlegg kan omfatte tabellar, korpusoversikter, avskrifter av primærkjelder og anna grunnlagsmateriale.
Eit stutt samandrag av innhaldet på norsk og engelsk (1-2 sider) skal takast med i oppgåva. Samandraget skal innehalde opplysningar om namnet på forfattaren og tittelen på oppgåva, kort presentasjon av temaet, kva materiale avhandlinga byggjer på (primærmateriale og eventuelt dei viktigaste sekundærkjeldene), problemstillingar og metode/tilnærmingsmåte, disposisjon av stoffet, og til slutt dei konklusjonane og resultata som oppgåva legg fram.
Masteroppgåva skal skrivast på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk. Ho skal leverast elektronisk på Studentweb innan ein frist som kvart semester blir kunngjord der.
Etter at masteroppgåva er vurdert av ein eksamenskommisjon, blir det halde ein munnleg eksamen som består av ein diskusjon omkring masteroppgåva, der studenten kan drøfte oppgåva med sensorane, svare på kritiske merknader og gjere greie for metode og/eller faghistorisk profil i oppgåva.
Under den munnlege eksamenen kan kandidaten bruke norsk, dansk, svensk eller engelsk. Det blir teke omsyn til at utanlandske studentar kan trenge ekstra tid til å formulere seg.
Den munnlege eksamenen er justerande i høve til karakteren på masteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne under den munnlege eksamenen.
Karakterskala
Karakterskala A - F
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Det er inga felles litteraturliste for arbeidet med masteroppgåva. Litteraturlista inngår i masteroppgåva og vil derfor skifte frå oppgåve til oppgåve.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen
Eksamensdel: Masteroppgåve
- Innleveringsfrist
- 15.05.2023, 13:00
Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen