Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Ernæringsbiokjemi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeNUTR115
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i ernæringsbiokjemi. Studentane vil få innsikt i korleis næringsstoff er involvert i biokjemiske prosessar og signalvegar, og korleis endringar i desse prosessane kan føre til utvikling av ernæringsrelatert sjukdom. Laboratoriekurset vil gi innsikt i utvalde biokjemiske metodar og analyser som brukast i ernæringsrelatert forsking.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar: Studentane..

  • har brei kunnskap om biokjemiske prosessar i energimetabolismen og kroppen si handtering av hovudnæringsstoffa, her under hormonell regulering, intracellulær signalering, epigenetikk og sentrale enzymatiske reaksjonar
  • kjenner til sentrale prinsipp for korleis metabolismen av karbohydrat, lipider og aminosyrer heng saman, og korleis dette regulerast gjennom endringar i matinntak og fysiologisk tilstand (feeding/fasting osv.)
  • kjenner til prinsipp bak utvalde klassiske laboratoriemetodar som brukast for å studere ernæringsrelevant energimetabolisme
  • kan oppdatere sin kunnskap innan ernæringsbiokjemi

Ferdigheiter: Studentane..

  • kan beherske forsøksoppsett for å kunne studere energimetabolisme, og vurdere styrker og svakheiter ved desse
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff (vitskaplege artiklar), og framstille dette slik at det opplyser om ei problemstilling innan ernæringsbiokjemi

Generell kompetanse: Studentane..

  • har innsikt i og kan formidle sentralt fagstoff og oppdatere sin kunnskap innan ernæringsbiokjemi, og kan diskutere dette med andre studentar

Krav til studierett

Opptak til bachelor i human ernæring.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesingar og kollokviar + laboratorieøvingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på laboratoriekurset er obligatorisk.

Innlevering av journal etter kvart laboratoriekurs. Journalane må vere godkjende før studentane kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Skriftlig eksamen 4 timer

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å betre studiet blir det jevnleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil ligge til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie /undervisningsopplegg.

Kontakt

studie-nutrition@uib.no/ (+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 61 46

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    20.05.2022, 15:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.02.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    • Eksamensdel: Laboratoriekurs