Hjem
Utdanning
PhD-kurs

Perspektivlina: Retts- og vitskapsteori, etikk, rettsleg pluralisme og perspektivfag

Kursomtale

Undervisingsspråk

Norsk

Kursinnhald

Vitskapsteori - overordna problemformuleringar

Rettsteori/rettsfilosofi, herunder rettshistorisk perspektiv

Rettsvitskap og politikk

Etiske utfordringar og formidlingsstrategi

Rettsleg pluralisme (polysentri, multilevel regulation)

Tverr- og fleirfaglege perspektiv

Læringsutbyte

Ha innsikt i ulike teoretiske perspektiv på rettsvitskapen og den rettsvitskaplege metoden, og eit grunnlag for å treffe informerte og sjølvstendige val med omsyn til eige metodisk og vitskapsteoretisk ståstad, samt etiske val knytt til forskarrolla og formidling av ny kunnskap.

Kjenne dei grunnleggjande utfordringane i den inter-/overnasjonale utviklinga av retten, vurdere vala sine konsekvensar for avhandlingsprosjektet.

Ha grunnleggjande innsikt i sentrale problemstillingar og karakteristika ved tidsaktuelle vitskaplege tilnærmingar i grenselandet mot rettsvitskapen, vurdere det føremålstenlege ved ei eventuell fleirfagleg tilnærming.

Undervisningsperiode

Haust og vår

Studiepoeng

10 sp

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Påmelding skjer ved opptak til Ph.d.-programmet i rettsvitskap

Krav til forkunnskapar

Mastergrad eller tilsvarande i rettsvitskap og opptak til Ph.d.-programmet i rettsvitskap.

Vurderingsform

Greidd/ikkje greidd.

Kven kan delta

Ph.d.-kandidatar som har opptak på Ph.d.-programmet i rettsvitskap kan delta.

Utfyllande informasjon

Program

13 seminar à 3t

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt via e-post: phd@jur.uib.no.

Fagleg ansvar

Post doktor Linda Gröning

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet i Bergen.

Eksamensinformasjon

Undervisningsperiode

Haust og vår