Hjem
Utdanning
Masteremne

Utvalde emne i eksperimentell partikkelfysikk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:Målet med emnet er å formidle nåverande status av utvalte interessante tema i partikkelfysikk frå et eksperimentelt synspunkt.

Innhald: Emnet startar med å presentera rammeverket til Standardmodellen, diskutere Lagrange- og gaugetransformasjonar, spontan symmetribrot, Higgsmekanismen, de Yukawa-koplingar, CKM-matrisen og dei mest presise parametrane som vert brukt for prediksjon. Deretter behandlar ein henfall av lepton og tunge kvarkar som involverer lepton, sjeldne henfall, «flavour» miksing og CP brot. Vidare drøfter en grunnleggjande e + e-prosessar, elektrosvak og toppkvarkfysikk, Higgs-bosonet og nøytrinovekselverknader. Emnet blir avslutta med diskusjon av utviding av Standardmodellen inklusiv supersymmetri.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • får en oppdatert oversikt over partikkelfysikken med detaljert innsikt i utvalde tema
  • forstår suksessen til Standardmodellen og innser avgrensinga til den og behovet for ny fysikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan følgje med på seminar og lese artiklar om dei tema i partikkelfysikk som er nyttig for masteroppgåven

Generell kompetanse

Studenten

  • får verdifull trening i eksperimentell partikkelfysikk som er nødvendig for ein mastergrad i både eksperimentell og teoretisk partikkelfysikk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS241, PHYS232, PHYS205

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Muntlig eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon