Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Nyare teoretiske, metodiske og empiriske bidrag i arbeids- og organisasjonspsykologi

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePSYK210
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk/Norsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å styrke studentane sin kompetanse i å sette seg inn i, presentere, kritisk vurdere og diskutere vitskapelege tekstar med utgangspunkt i nyare forsking innan arbeids- og organisasjonspsykologi.

Emnet skal formidle kritisk forståing for strukturen og innhald i vitskapelige tekstar innan nyare teoretiske, metodiske og empiriske bidrag.

Innhald:

Aktuelle tema vil kunne være "job crafting", inklusjon- og eksklusjon på arbeidsplass, leiing, endringar i organisasjonar og virtuelle team.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten...

  • har kunnskapar om oppbygginga og strukturen i ulike typar vitskaplege artiklar

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan sette seg inn i og legge fram, diskutere og kritisk vurdere vitskapelege tekstar innan fagfeltet arbeids- og organisasjonspsykologi

Generell kompetanse

Studenten...

  • har kritisk forståing for innhaldsmessige, strukturelle og retoriske grep i vitskapelige tekstar

 

Krav til forkunnskapar

PSYK111, PSYK112, PSYK113, PSYK114, PSYK110, PSYK106 eller tilsvarande

Krav til studierett

Emnet krev studierett på bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi.

Det kan eventuelt bli tatt opp internasjonale studentar etter søknad.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

  • Seminar med organiserte studentframlegg og drøftingar
  • Undervisning blir gitt i tre førelesingar på til saman åtte timar, sju seminar på to timar i gruppar, og eit seminar kor studentane held ein kort presentasjon

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Aktiv deltaking på seminar
  • Artikkellesing og gruppearbeid som førebuing til studentstyrt undervising
  • Presentasjon av gitt vitskapeleg tekst og leiing av gruppe og plenumsdiskusjon av gitte tekster.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer: Deltaking.

Studentane si deltaking, presentasjon og diskusjon i seminargruppene vil bli springande evaluert.
Studentar som har oppfylt arbeidskrava som gjeld for emnet vil få greidd resultat i emnet

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen greidd/ikkje greidd.

Vurderingssemester

Vår.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for samfunnspsykologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Kontakt: studieveileder.psyfa@uib.no / 55 58 27 10