Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Russisk språk I

Studiepoeng, omfang

20

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningssemester

Vår 

Emnet går første gang våren 2019

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet gjer eit allsidig teoretisk og praktisk og kurs i russisk språk. Emnet har som mål å gje oversikt over russisk lydlære, formlære og syntaks og øve studentane opp i dugleik i skriftleg og munnleg russisk. Kurset skal danne eit grunnlag og vekkje interesse for vidare utforsking og bruk av russisk språk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Studenten

  • har kunnskapar og dugleik i teoretisk russisk grammatikk med hovudvekt på morfologi og syntaks
  • har fått ei innføring i nokre av dei meir avanserte emne i grammatikken som aspekt og passiv
  • har utdjupa innsikt i det russiske lydsystemet
  • har eit større og meir aktivt ordforråd i russisk
  • har utvida kunnskapar om russisk kultur

Ferdigheiter og generell kompetanse
Studenten

  • har auka dugleik i praktisk russisk grammatikk og språkbruk
  • har øving i å omsetje tekstutdrag, munnleg og skriftleg, frå russisk til norsk
  • er i stand til å omsetje enkle tekstar frå norsk til russisk og skrive korte sjølvstendige tekstar på russisk
  • kan nytte russisk i digitale medium
  • er i stand til å føre enkle samtaler på russisk
  • kan gje ein kort presentasjon om eit førebudd tema på russisk 

Krav til forkunnskapar

RUS120 byggjer på RUS100, Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk, og det blir kravd faglege føresetnader som svarer til dette emnet. 

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for RUS120 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med RUS112 og med 15 studiepoeng om det blir kombinert med RUS111.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. 

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt gitt to gongar fire timar undervisning i veka i tolv veker og 1-2 timar i praktisk russisk og musikkbaserte fonetiske øvingar i elleve veker.

I blokkene på fire timar vil normalt 3 timar gå til førelesingar om russisk grammatikk med øvingar, omsetjing og tekstlesing. Den siste timen er normalt munnleg undervisning i gruppe med den russiske språkpedagogen.

Undervisningsforma i språkpedagogen sine timar i praktisk russisk vil vere konversasjon og fonetiske og grammatiske øvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) minst 70% oppmøte til førelesingane

2) minst 70% oppmøte til munnlegtimane

3) innlevering av minst 70% av dei skriftlege arbeida (øvingar, eksamensoppgåver, omsetjingar til russisk og til norsk)

4) ein munnleg presentasjon.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester. 

Vurderingsformer

Ein skriftleg skuleeksamen på 6 timar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen/ Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Litteraturlista inneheld ei kurs bok, eit grammatikkverk som gjev ei elementær og oversiktleg innføring i russisk grammatikk, øvingar og øvingstekstar, eit hefte med omsetjingar og andre skriftlege heimeoppgåver og eit pensum på om lag 100 sider med enkle russiske tekstar. Studentane skal òg skaffe seg ei russisk-norsk og ei norsk-russisk ordbok.


Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for russisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Institutt for fremmedspråk 

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    23.09.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    09.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted