Hjem
Utdanning
Masteremne

Nye styringsformer i nordområda. Kva blir rolla til urfolka?

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeSAMPOL323
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår- uregelrett

Mål og innhald

Det som skjer i nordområda vil berre bli viktigare i åra som kjem samtidig som kunnskapen i fagmiljøa om kva som skjer er svært begrensa. Dette kurset vil diskutere dei store endringane som no skjer i nordområda, der klimaendring og teknologisk utvikling gjer dette geografisk enorme området stadig meir interessant ikkje berre for store internasjonale økonomiske aktørar, men i minst like stor grad statar. Ein viktig konsekvens av utviklinga er at ei rekke land no engasjerar seg langt sterkare i det som skjer i nord. Det gjeld også land som tidlegare har vist liten interesse for området. Utfordringane er mange og kva retning den politiske utviklinga vil ta er usikker. Eit viktig spørsmål er korleis dei ulike urfolka som finst i desse områda blir del av og kan innverka på dei store endringsprosessane som no går føre seg. Kurset vil gjennom førelesingar og seminar analysera dei ulike posisjonane i faglitteraturen med omsyn til utviklingsprosessar i nord, der det er venta aktiv deltaking frå studentane si side i førelesningar og seminar.

Kurset vil samla gje ny og viktig kunnskap om eit stort og viktig geografisk område som på grunn av djuptgripande uteknologisk og klimatisk endring held på å endra seg på grunnleggjande vis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • har avansert kunnskap om dei viktigaste teoretiske posisjonane om nordområda og det som der no skjer.
  • har inngåande kunnskap om dei viktigaste historiske føresetnadane for den utviklinga vi no ser i nordområda.
  • kan analysere kva hovudposisjonar dei ulike landa i området inntek.

Ferdigheter

  • kan analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar om demografiske, økonomiske, sosiale, kulturelle og klimamessige situasjonen i nordområda i dag.

Generell kompetanse

  • kan analysere forskjellane i situasjonen til urfolk i dei vestlige nordområda (Alaska, Canada og Grønland) samanlikna med i dei meir austlege områda (Norden, Russland).

Tilrådde forkunnskapar

SAMPOL305 og SAMPOL306

Krav til studierett

Emnet er i hovudsak orientert mot studentar som er tatt opp på institutt for samanliknande politikk sitt masterprogram, men er òg ope for utvekslingsstudentar etter godkjenning av førespurnad.

Kurset er avgrensa til maksimum 15 studentar. Tilgang til kurset vert gjeve til dei fyrste 15 som vurderingsmeldar seg i emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar / seminar: 12

Timer per seminar: 2

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte på minst 75 % av forelesingane/seminara

Vurderingsformer

Et essay på maksimalt 5000 ord

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret

Emneevaluering

Emnet vert evaluert etter retningslinene i kvalitetssikringshandboka og instituttets evalueringsplan.

Institutt

Institutt for samanliknande politikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no