Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Akademisk skriving, teori og metode: antropologiske tilnærmingar

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet er samansett av tre hovudkomponentar, som saman tar sikte på å 1) auke studenten si mestring av akademisk skriving og lesing, 2) gje studenten eit generelt oversyn over samfunnsvitskaplege tankemåtar og metodar, og 3) innføra studenten i sentrale antropologiske tematikkar, metodiske tradisjonar og fagspesifikke formidlingsformar. Emnet er satt saman med tanke på å utfylla SANT100 Invitasjon til sosialantropologi, og ein rår studenten difor til å ta desse emna parallelt.

Den første bolken gjev ei innføring i stilistiske og skrivetekniske særtrekk ved samfunnsfagleg akademisk skriving gjennom tekstanalyse og skrivetrening. Studenten lærar å tolka og utforma ein akademisk tekst i samhøve med disiplinære normer for fagleg form og innhald, med eit særleg fokus på sosialantropologiske tekstar. Det blir lagt vekt på å læra studenten å identifisera og trekkja ut dei faglege argumenta i ein tekst.

Den andre bolken gjev eit kort overblikk over samfunnsfaga si historie og ei innføring i nokre sentrale samfunnsvitskaplege omgrep, metodar og tenkemåtar. Bolken formidlar kunnskap om dei ulike samfunnsvitskaplege disiplinane sine særtrekk så vel som deira fellesfaglege grunnlag.

Den tredje bolken er førebuande til substansemna SANT102-SANT105. Det blir lagt vekt på sosial organisasjon, ervervsmåtar og humanøkologi, samt sosial differensiering, ideologi og trusformar. Bolken er monografibasert med det føremål å gje studenten ei heilskapleg forståing av forholdet mellom det antropologiske feltet, antropologisk metode, antropologisk kunnskapsproduksjon og tekstleg framstilling. På denne måten utfyllar dei tre bolkane innanfor emnet kvarandre, samstundes som studenten blir gjeven ei innføring i sentrale antropologiske tematikkar, teoretiske retningar og analytiske tenkemåtar.

Dei kunnskapar og den praksisøvinga som kurset gir, kan brukast på alle fag ved Det samfunnsvitskapelige fakultet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • ha oversikt over sentrale samfunnsfaglege tradisjonar og metodar
  • ha kunnskap om det antropologiske faget sine grunnleggjande omgrep, perspektiv, metodar og formidlingsformer
  • ha kjennskap til sentrale aspekt ved antropologifaget si tilnærming til kjønn, religion og sosiale ulikheitar
  • ha ei forståing av den historiske utviklinga av samfunnsvitskapane
  • ha eit oversyn over antropologifaget sin analytiske og metodiske eigenart

Ferdigheitar

  • kunne greie ut om sentrale teoretiske bidrag innanfor samfunnsvitskapane
  • kunne gjere greie for enkelte antropologiske bidrag som tematiserer kjønn, religion, sosiale ulikheitar og differensiering, ervervsmåtar og humanøkologi, og samspelet mellom lokale og globale prosessar
  • har kjennskap til korleis en utviklar ein problematikk, argumenterer og strukturer ein diskusjon

Generell kompetanse

  • kunne kritisk lese, tolke og gjere greie for ein akademisk tekst
  • ha kunnskap om akademiske tekstar sine sjangerbestemte normer for innhald, form og oppbygging
  • ha evne til å tenke analytisk kring samspelet mellom menneske, kultur og samfunn

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og arbeidsseminar samt kommentarar til arbeid med skriftlige oppgåver via Internett.

  • 2 timer førelesing per veke
  • 2 timer arbeidsseminar per veke, med forsterka seminararbeid under del 1 av kurset
  • 12 veker undervisning, ca. 24 timar førelesing totalt

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på minimum fem av seks skriveseminar og obligatorisk innlevering av ein tekst (max. 1000 ord) under praksisdelen av bolk ein (Akademisk skriving og lesing). I tillegg er det obligatorisk innlevering av oppgåve på 1500 ord (+/- 10 prosent) halvvegs ut i semesteret.

Alle obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen, og godkjende aktivitetar på emnet er gyldige inneverande semester og dei seks påfølgjande semestra.

Vurderingsformer

Skriftleg heimeeksamen. Tidsramme: éi (1) veke frå utlevering av oppgåvetekst til innlevering. Omfang: 3000 ord (+/- 10 prosent).

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Fagleg overlapp og fem poengs reduksjon for studentar som tidlegare har tatt SV100.

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Emnene blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for sosialantropologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@sosantr.uib.no

55 58 92 50 / 55 58 94 51

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    04.12.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    11.12.2019, 14:00
    Trekkfrist
    20.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen