Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Bacheloroppgåve

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeSANT260
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

I løpet av emnet skal studenten skrive ei vitskapeleg oppgåve med utgangspunkt i den faglege innsikta som er utvikla gjennom bachelorstudiet. Oppgåva skal ha grunnfeste i sosialantropologiske tema og perspektiv, men studenten kan òg nytte kunnskap tileigna gjennom studiar i andre fag. Studentar som ynskjer å gå vidare på masterstudiet i sosialantropologi kan nytte bacheloroppgåva til å greie ut eit mogleg tema for mastergradsprosjektet. Gjennom kurs i litteratursøking og akademisk skriving gjev emnet ei innføring i kriteria for sjølvstendig, akademisk tekstproduksjon, og målsetjinga er at studenten skal realisere slike akademiske grunnpremiss gjennom å skrive si eiga bacheloroppgåve. Studenten får rettleiing av emneansvarleg i sitt arbeid med oppgåva.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • ha innsikt i ein sjølvvalgt tematikk og region

Ferdigheit

  • kunne velje, avgrense og strukturere ein tematikk for fagleg utgreiing
  • kunne gjennomføre eit vitskapleg resonnement med utgangspunkt i sosialantropologisk litteratur
  • kunne drøfte eigen og andre studentars tekstar i fagleg forum
  • vise forståing for samspelet og skilnaden mellom empiri, teori og analyse i eigen tekstproduksjon

Generell kompetanse

  • strukturere argument og evidens innan rammene av ein vitskapleg sjanger
  • kunne analysere korleis ein akademisk tekst er bygd opp, identifisere sentrale argument i tekstar, relatere og samanlikne ulike akademiske tekstar og formulere ei samla framstilling av dette
  • kunne nytte bibliotek og andre kjeldesamlingar for å finne ny og relevant sekundærinformasjon i utarbeiding av eige prosjekt, føre referansar til kjelder i akademisk tekst og lage litteraturliste

Krav til forkunnskapar

Krav om minst 60 studiepoeng spesialiseringsemner i sosialantropologi

Tilrådde forkunnskapar

SANT100, SANT150, SANT102, SANT103, SANT104, SANT105, SANT215

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesing, obligatorisk seminar og kurs i akademisk skriving/litteratursøk, individuell rettleiing

  • 15 veker
  • 15-20 timer

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på seminarar og kurs i akademisk skriving/litteratursøk. Innlevering av utkast i forkant av siste veiledning (minimum 3000 ord). Obligatoriske arbeidskrav må være gjennomført for å kunne levere inn bacheloroppgåva. Godkjend arbeidskrav er gyldig 3 semester.

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve (6000 ord +/- 10 %) og justerande munnleg eksamen.

Karakterskala

Oppgåva blir karaktersatt med bokstavkarakterar (A-F).

Fagleg overlapp

Full fagleg overlapp og poengreduksjon for studentar som tidlegare har tatt SANT250 eller MKU250

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnene blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for sosialantropologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@sosantr.uib.no

55 58 92 50 / 55 58 94 51