Hjem
Utdanning
Masteremne

Praktisk metodekurs: Antropologisk feltarbeid

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust

Mål og innhald

SANT320 vidarefører forskingsprosjektet som er planlagt og skissert i SANT302. Emnet føreset sjølvstendig arbeid under individuell rettleiing og skal setje studenten i stand til å skrive ei masteroppgåve basert på eige forskingsmateriale, som studenten samlar inn i løpet av sitt andre semester. Studenten har plikt til å skrive minst ein fagleg framdriftsrapport (feltrapport) som rettleiar skal kommentere skriftleg og godkjenne. Feltrapporten skal leverast midtveis i feltarbeidsperioden. Den skal innehalde foreløpige funn, refleksjonar over funna, eventuelle praktiske og metodiske problem studenten møter, samt arbeidshypoteser og planar for resten av feltarbeidet. Rettleiar skal snarast, og seinast innan to veker gje si tilbakemelding. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • ha kunnskap om andre livsverder innan sin sjølvvalte tematikk og region
  • ha kunnskap om deltakande observasjon som praksis og metode

Ferdigheiter

  • ved deltakande observasjon og feltarbeid kunne etablere eige empirisk materiale
  • kunne skifte perspektiv og stille nye spørsmål i lys av ny kunnskap

Generell kompetanse

  • kan utføre datainnsamling i nye miljø og handtere komplekse sosiale situasjonar
  • kunne omgåast og kommunisere med menneske som har ulik sosiokulturell bakgrunn
  • kunne arbeide sjølvstendig

Krav til forkunnskapar

SANT301 og SANT302 (SANT302 kan avsluttast same semester som SANT320)

 

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på masterprogrammet i sosialantropologi

Arbeids- og undervisningsformer

Deltakende observasjon under individuell rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Innlevering av feltrapport med et omfang på mellom 1500 og 5000 ord.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Emnene blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for sosialantropologi

Fosswinckelsgate 6

5007 Bergen

E-post: Studieveileder@sosantr.uib.no

Telefonnr: 55 58 92 50 / 55 58 92 63

Heimeside: http://www.uib.no/antro/

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Feltrapport

    Innleveringsfrist
    02.12.2019, 14:00
    Trekkfrist
    18.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen