Hjem
Studentsider
Masteremne

Introduksjonsemne: Tverrfaglege tilnærmingar til berekraft

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Formålet med kurset er å gi ei brei innføring i sentrale omgrep og prosessar for berekraftig utvikling, inkludert tverrfagleg og samfunnsmessig samhandling og kontekst. Kurset gir studenten ei innføring i den historiske bakgrunnen for berekraft og oppmodar til kritisk refleksjon om korleis ulike berekraftsmål kan gå inn i mekanismar for styring, samhandling og synergi, eller hamne i konflikt med dei same mekanismane. Kurset vil gå i djupna når det gjeld  institusjonars rolle, og korleis styringsmekanismar formar politikk på lokale, regionale og globale nivå. Kurset vil gi studentane brei kjennskap til kjerneomgrep innan områda globale samfunnsutfordringar, klima og energiomstilling, og forvalting og vern av marine ressursar. Gjennom tverrfaglege øvingar og arbeid med konkrete problem vil studentane få ei innføring i berekraftig utvikling.  

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte: 

Kunnskap 

Studenten 

  • kan forklare og analysere berekraftig utvikling og vegen fram til FNs Berekraftsmål (SDG) 
  • kan identifisere og samanlikne relevante juridiske og styringsmessige rammeverk, både lokalt, regionalt og globalt  
  • kan tolke problem knytt til rettar, sosial rettferd og ulikskap 
  • kan planleggje og førebu tverrfaglege prosessar for berekraftig utvikling gjennom ulike samarbeidsformer (partnarskap) og i samhandling med sosiale røyrsler 
  •  kan delta aktivt i og kritisk evaluere  samspel mellom vitskap og samfunn 
  • kan samanlikne og diskutere kjerneomgrep innan globale samfunnsmessige utfordringar
  • kan samanlikne og diskutere kjerneomgrep innan klima (inkludert årsaker, verknader og responsar) og energiomstilling
  • kan samanlikne og diskutere kjernomgrep i marint liv

Ferdigheter 

Studenten 

  • Kan kritisk handtere ulike informasjonskjelder knytt til berekraft og nytte dei til å strukturere og formulere sjølvstendige vitskaplege og normative argument 
  • kan samarbeide i tverrfaglege grupper for å løyse komplekse berekraftsprobleme 
  • kan analysere utfordrande berekraftsproblem ved bruk av tverrfaglege perspektiv 
  • kan analysere korleis ulike berekraftsmål verkar saman, og konflikter mellom dei, ved hjelp av «berekraftstenking» 
  • Kan analysere kritisk og trekkje ut det mest sentrale innhaldet i tekstar 

Kompetanse 

Studenten 

  • kan gjere reie for idear om berekraftig utvikling på ein samanhengande måte 
  • kan vurdere teoriar og metodar frå ulike disiplinar kritisk, og velge ut dei som svarar best til globale utfordringar 

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande som inkluderer ei spesialisering innan eit fagområde relevant for programmet av eit omfang på minimum eitt og eit halvt års studium (80 studiepoeng). 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emne er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i berekraft ved Universitetet i Bergen. 

Arbeids- og undervisningsformer

Arbeids- og undervisningsformer omfattar  førelesingar, seminar, workshops, student-leia læring og individuelle tilbakemeldingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Studentane skal gi ein kort individuell presentasjon over oppgjeve litteratur
  • Studentane skal delta i grupper for studentaktiv læring og presentere løysinga på ei problembasert oppgåve 
  • Studentane skal delta i studentstyrte workshops

Alle aktivitetane må være fullførte,  med minst 80% oppmøte til seminar, læringsgrupper og workshops, og godkjende før mappa vert vurdert. 

Vurderingsformer

Mappevurdering og heimeeksamen

  • Mappevurdering som inneheld to produkt:

1) Refleksjonsnotat med analyse av et bærekraftsproblem slik det ble studert i studentaktiv gruppe, opptil 3000 ord. (skal telje 60% av karakteren på mappa)

2) Refleksjonsnotat over arbeidet i studentaktiv gruppe, med fokus på utfordringer knyttet til fler- og tverrfaglighet, opptil 2000 ord. (skal telje 40% av karakteren på mappa)

  • 7-dagars heimeeksamen

Karakteren på mappa og karakteren på skuleeksamen skal telje 50% kvar ved utrekninga av den samla karakteren.

Skal vektast 50% ved utrekning av den endelege karakteren.

Ved stryk eller gyldig fråvere under heimeeksamen kan denne vurderingsdelen takast opp igjen semesteret etter.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust. Det vil også vere mogleg å gå opp til eksamen i vårsemesteret for studentar som har fullført den obligatoriske undervisingsaktiviteten.

Litteraturliste

Vil vere tilgjengeleg frå 1. juni.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for master i berekraft  er ansvarleg for det faglege innhaldet og strukturen til studieprogrammet, og for alle emna som inngår i studieprogrammet. 

Emneansvarleg

Programstyret for Master i berekraft

Administrativt ansvarleg

Senter for vitskapsteori (SVT) er administrativt ansvarleg for emne

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen og mappevurdering

    • Eksamensdel: Mappevurdering

      Innleveringsfrist
      07.12.2022, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Heimeeksamen

      Oppgave utleveres
      21.11.2022, 09:00
      Innleveringsfrist
      28.11.2022, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen