Hjem
Studentsider
Masteremne

Kunnskapsformer

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er at studentane lærer om korleis ulike vitskapar utgjer ulike kunnskapsformer, og korleis dei stiller seg til kvarandre i tverrfaglege samanhengar. Dei vil lære korleis ulike praksisar som til dømes juss, politikk og vitskap, oppfattar, definerer og operasjonaliserer berekraftsproblem på ulike vis. Vidare vil dei lære korleis ulike probleminnrammingar fungerar saman, uavhengig og i konflikt.  

Emnet er tett knytt til innhaldet i SDG310 Introduksjonsemne: Tverrfaglege tilnærmingar til berekraft og SDG312 Systemtenking og modellering for berekraft Emnet introduserer ulike vitskapsteoretiske tema, med særleg fokus på følgjande: 

  • Ulike kunnskapsformer 
  • Vitskapleg risiko, uvisse, kompleksitet og fåkunne 
  • Juridisk problemforståing og tankegang 
  • Disiplinaritet, tverrfaglegheit og transfaglegheit 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:  

Kunnskap 

Studenten  

  • kan gjere greie for ulike kunnskapsformer og samspelet mellom dei i praksis, inkludert juridiske, kvalitative og systemdynamiske perspektiv 
  • kan gjere greie for skilnader mellom disiplinære, fleir-, tverr- og transfaglege tilnærmingar og metodar 
  • kan gjere greie for omgrep som uvisse, risiko, tvityding, kompleksitet og fåkunne 

Ferdigheter 

Studenten 

  • kan diskutere skilnader mellom ulike teoretiske perspektiv og omgrep som er presenterte i emnet  
  • kan kjenne att ulike grader av uvisse, også i eige arbeid 
  • kan vurdere sterke og svake sider og implikasjonar av ulike teoretiske perspektiv og sentrale omgrep som er presenterte i løpet av kurset  

Generell kompetanse

Studenten 

  • kan forhalde seg kritisk til data, vitskaplege fakta og evidens slik som dei er produserte og nytta innanfor og på tvers av ulike kunnskapsområde, og med bruk av ulike teknologiar og medium 
  • kan delta i tverrfagleg samarbeid og plassere eigen kunnskap i høve til andre kunnskapsformer og -praksisar 

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande, med ei spesialisering på 80 studiepoeng innan eit fagfelt som er relevant for programmet.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emne er ope for studentar med opptak til Masterprogram i berekraft, Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Student-aktiv læring som inkluderer forelesingar, seminar, presentasjonar og fagfellevurdering studentane imellom. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Minst 80% oppmøte til undervisinga.

Studentane skal presentere eit utkast av oppgåva i studentleia grupper og gje kvarandre tilbakemelding.

Vurderingsformer

Studentane skal levere ei oppgåve på inntil 5000 ord knytt til læringsutbytet for emne.  

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust. Det vil også vere mogleg å gå opp til eksamen i vårsemesteret for studentar som har fullført den obligatoriske undervisingsaktiviteten.

Litteraturliste

Vil vere klar til 1. juni  

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for Masterprogrammet i berekraft

Administrativt ansvarleg

Senter for vitskapsteori er administrativt ansvarleg for emne

Eksamensinformasjon