Hjem
Utdanning
Masteremne

Fagdidaktikk i spansk for lektorutdanninga 3

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

7. semester i lektorutdanning for studentar som tek faget som fag II.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane ei vidare innføring i fagfeltet spansk fagdidaktikk innanfor to hovudområde:

  • Språk, tekst og kultur: kompetanse og danning
  • Tilretteleggjing for læring

Studiet skal vidareutvikle den fagdidaktiske kunnskapen studenten har frå 100-nivå og saman med djupare fagkunnskap, pedagogikk og praksis leggje grunnlag for reflektert undervising i spanskfaget i skolen. Emnet skal medverka til at studentane utviklar ein faglæraridentitet der dei tar heile sin faglege basiskompetanse i språk, kultur og litteratur i bruk som ressurs i undervisinga.

Læringsutbyte

Etter å ha studert emnet skal studentane:

  • ha innsikt i teoriar om språk og kommunikasjon og kunne sjå desse i eit kulturperspektiv
  • ha innsikt i spansk som danningsfag og dugleiksfag
  • kunne lage undervisingsopplegg der arbeidsformer, arbeidsmateriale og innhald er knytte til grunnleggjande fagforståing og innsikt i læringsprosessar i spanskfaget
  • kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på spansk innan fagfeltet

Krav til forkunnskapar

PEDA111 samt minimum 55 studiepoeng i spansk på 100-nivå inkludert 5 studiepoeng spansk fagdidaktikk.

Krav til studierett

Emnet er berre ope for studentar som er tekne opp til lektorutdanning ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesing: Totalt 12 timar fordelt på seks veker.

Seminar: 2 timar

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervising. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september/1. februar, sidan emnet har midtsemestereksamen i vårsemesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane ha lagt fram eit sjølvstendig arbeid der dei presenterer eit undervisingsopplegg og drøftar dette i lys av fagdidaktisk teori. Nærare informasjon blir gitt i studiet.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer på grunnlag av ei vurderingsmappe med rettleiing undervegs med to tekstar på til saman om lag 2500 ord, ikkje medrekna innhaldsliste, litteratur og vedlegg.  


Tekstane skal skrivast på spansk. Dei to tekstane i vurderingsmappa tel båe 50 % av samla karakter.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum utgjer om lag 350 sider. Vanskegrada er tilpassa nivået på emnet

Emneevaluering

Undervisinga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    06.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    22.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    29.11.2019
    Innleveringsfrist
    06.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    15.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen