Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Latinamerikansk historie

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

 Studiet skal gi studentane oversyn over viktige utviklingstrekk og hendingar i den spansktalande verda med hovudfokus på latinamerikansk historie i det 20. hundreåret. Ein vil leggja vekt på at studentane skal kjenna bakgrunnen for det Latin-Amerika me ser dag. I tillegg vil det vera innslag frå spansk historie.

Studentane vinn innsyn i sentrale tema og problemstillingar innan fagområdet latinamerikansk og spansk historie. Vidare skal studentane analysera fagstoff og trekkje eigne slutningar. Dei skal kunna vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Læringsutbyte

 Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om hovudtrekka i latinamerikansk historie med vekt på det 20. hundreåret.
  • Kan trekkje nokre parallellar til spansk historie

Ferdigheiter:

Studenten

  • har forståing for kva historiske faktorar som dannar bakgrunnen for aktuelle problemstillingar i dagens latinamerikanske samfunn og kultur.
  • har forståing for korleis ulike perspektiv pregar framstillingane av latinamerikansk historie og samfunn.
  • kan samtala om tema knytte til latinamerikansk historie, og då særleg tema frå det 20. hundreåret.
  • kan gjera greie for sentrale trekk og samanhengar i latinamerikansk historie.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
  • kan demonstrera kunnskap og evne til fagleg drøfting i mindre skriftlige arbeid på eit klart og korrekt spansk språk.
  • kan vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skule.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for SPLA109 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA103 eller med SLAN612.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Personar utan studierett kan søkja Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.

Arbeids- og undervisningsformer

 Det blir undervist i sentrale delar av pensum i hovudsak i form av oversynsførelesingar. Særleg er det lagt vekt på at studentane skal forstå kva innverknad historiske utviklingstrekk og hendingar har hatt på utviklinga i Latin-Amerika i det 20. hundreåret. Normalt blir det gitt førelesingar fire timar i veka i ti veker. Det kan også verta aktuelt å organisera undervisninga i større blokker.

Det blir også normalt gitt gruppeundervisning to timar i veka i ti veker, der ein legg vekt på munnleg trening gjennom å diskutere sentrale problemstillingar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

 Vurderingsforma i emnet er ein 4-timars skuleeksamen som vert skriven på spansk. Karakteren vert sett på grunnlag av både innhald og språk. Eksamen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Studentane kan nytta eitt-språkleg og to-språkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på eksamensdagen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret.

Litteraturliste

Pensum (om lag 350 sider) kan inkludera oversynsverk, artiklar og kjeldetekstar. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    10.05.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    26.04.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen