Mastergradsoppåve i spansk og latinamerikastudium
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- SPLA350
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Spansk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Masteroppgåva utgjer den viktigaste delen av masterstudiet, og er normert til to semester med intensivt arbeid.
Tema for masteroppgåva kan etter samråd med faglærar i prinsippet veljast fritt, men vil i praksis vere styrt av kapasiteten på faget. Tema og problemstilling for masteroppgåva skal vere knytte til éin av hovuddisiplinane i faget. Masteroppgåva skal skrivast på spansk og ha eit omfang på 70-110 sider (mellom 25900 - 40700 ord).
Læringsutbyte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, kompetanse og generell kompetanse:
Kandidaten
- har brei generell kunnskap innanfor faget og djupnekunnskapar innanfor eit avgrensa område
- har grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen
- kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
- kan setje seg inn i og vurdere kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet
- kan skaffe seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget
- kan gjennomføre eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
- kjenner normene for akademisk skriving
- kan bruka IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføre eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet
- kan sjølvstendig halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
- kan uttrykkje på spansk faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde
- kjenner til relevante kommunikative sjangrar
- kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Rettleiing er obligatorisk. Student og fagmiljø skal teikna ein innbyrdes forpliktande rettleiingskontrakt seinast i andre semester, oftast etter vurdering av prosjektskissa og alltid i samsvar med ressursane på faget. Tema for masteroppgåva skal godkjennast av rettleiar.
Det er mogleg for studenten å byte tema undervegs. Ved byte av rettleiar skal ny rettleiingskontrakt underteiknast.
Vurderingsformer
Ei masteroppgåve skriven på spansk på 70-110 sider (25900 - 40700 ord) med justerande munnleg eksamen. Det er to fristar for innlevering av masteroppgåva kvart semester: 1. februar og 15. mai i vårsemesteret, og 1. september og 20. november i haustsemesteret.
Etter at masteroppgåva er vurdert, blir det halde ei munnleg prøve. Dette er ein samtale rundt problemstillingar i masteroppgåva, og kan endre den endelege karakteren med éin bokstavkarakter. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.