Hjem
Studentsider
Masteremne

Avansert research i undersøkande journalistikk

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning, høgare grad

Undervisningssemester

Høst/vår - uregelmessig

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studenten avansert kunnskap og dugleikar i det å løysa arbeidsoppgåver som er relevante for djuptgåande gravejournalistikk. Dette kan til dømes vera det å følgja pengestraumar ut av landet, navigera i selskapsstrukturar, gjenkjenna korrupsjon, handtera informasjon frå varslarar og avanserte former for innsyn.  Det er også tema korleis klassiske metodiske verktøy må raffinerast i varierande grader av kompliserte undersøkande prosjekt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsbytte:

Kunnskapar:

Studenten

  • har avansert kunnskap om korleis nærma seg og gjennomføra særskilt utfordrande gravejournalistikk
  • har inngåande kunnskap om avanserte metodars grunnlag og utfordringar.

Ferdigheiter:

  • kan analysera, nytta og ha eit kritisk forhold til avanserte metodar i gravejournalistikk

Generell kompetanse:

  • Har evna til å nytta kunnskapar og dugleikar om metode fr å gjennomføra avanserte journalistiske arbeidsoppgåver og prosjekt.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Videreutdanningskurs. Opent for dei som har fått opptak til emnet gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Samlingar, workshops, seminar, førelesingar, gruppearbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Éi deloppgåve under rettleiing undervegs i kurset. Nærare informasjon blir gitt ved kursstart.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Refleksjonsoppgåve på om lag 15 sider.

Oppgåva skal vera i fordjuping i eit sjølvvalt tema innanfor avansert research, godkjent av faglærar. Oppgåva skal vera ei drøfting med analytisk-teoretisk tilnærming til det praktiske verktøyet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og  01.12 for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentar og faglærar etter kvar gjennomføring.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap.

Eksamensinformasjon