Farmakologi II
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 20
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- FARM293
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
- Emnet skal saman med FARM290 gi eit samla bilde av farmakologifaget. Dette inkluderer kjennskap til verkemåte, bruk, effektar og interaksjonar av dei viktigaste legemidla.
- Å gje farmasistudentar naudsynt kunnskap og trening for å forklara og gje råd om legemidlar og farmakologisk terapi.
- Emnet skal gi evne til å vurdere legemiddelinformasjon og faglitteratur kritisk.
Innhald:
Emnet tar for seg dei viktigaste sjukdomane i dei ulike organsystema, som hjarte-kar, endokrine organ eller sentralnervesystemet. I tillegg til innføring i sjukdomslære står medikamentell behandling av sjukdomar sentralt i kurset. Her vert verknadsmekanismen til medikamenta skildra, samt retningslinjer for bruk, biverknader, og interaksjonar med andre legemiddel.
I tillegg til forelesingar vil det vera tre kasus-presentasjonar der ein tar opp behandling av folkesjukdomar som t.d. kardiovaskulære lidingar
Det vert også gjeve grunnleggande undervisning i veterinærfarmakologi.
Læringsutbyte
Kunnskaper
Studenten har kjennskap til:
- Prinsipp for medikamentell behandling av dei vanlegaste sjukdomane i Norge
- Bruk av eit breitt spekter av legemiddel.
- Interaksjonar, kontraindikasjonar, forsiktigheitsreglar, overdosering / toksikologi i samband med medikament.
- Særskilte forhold innan farmakologi, som graviditet og amming, legemiddelbruk hjå born og eldre.
- Dei viktigaste legemidla og prinsippa for medikamentell behandling av sjukdomar hjå kjæledyr, husdyr og fisk
- Korleis legemiddelmålingar og andre analysemetodar kan nyttast til persontilpassing av legemiddel og legemiddeldosering
Ferdigheiter:
Studenten kan:
- Demonstrera korleis ein nyttar farmakologisk kunnskap til å rådgje om medikamentell behandling
- Søka informasjon om legemiddel og setja saman ein farmakologisk handlingsplan for dels kompliserte sjukdomsbilete.
Studiepoeng, omfang
20 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Integrert masterprogram i farmasi.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, kollokviar og kasus-presentasjonar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Heimeeksamen, 4 dagar
Alle hjelpemiddel vert tillate.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil være klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programutval for farmasi
Administrativt ansvarleg
Klinisk institutt 2