Utvalt emne i kinesisk sosiolingvistikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- KIN303
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk og kinesisk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Sosiolingvistikk handlar om samhandlinga mellom språk og samfunn og kan utvidast til å inkludere det lingvistisk sosiologi i ei tid prega av globalisering. Difor vil dette kurset sameine desse perspektiva, altså både kinesisk samfunn som attspegla i kinesisk språk (tradisjonell sosiolingvistikk) og bruken av kinesisk språk i det kinesiske samfunnet (lingvistisk sosiologi), med hovudfokus på sistnemnte. Studentane vil tileigne seg adekvate kunnskapar til å kunne forstå den komplekse lingvistiske situasjonen i Kina og tema om språkpolitikk i folkerepublikken Kina og kunne skildre problemstillingar knytt til divergens og konvergens i språkbruk i ulike kinesisktalande politiske einingar med eit tverrfagleg perspektiv.
Til liks med mange andre dynamiske system er språk i stadig endring. Dette emnet gjev god innsikt i eit breitt utval faktorar, slik som sosial klasse og geografisk tilhøyrsle som pådrivarar for språklege endringar, og studerer påverknaden deira på dei kinesisktalande lingvistiske fellesskapa. I dette kurset vil studentane verte gjort kjent med sosio-politiske dimensjonar av kinesisk språkutvikling, skriftteikns-modernisering og fonetisk standardisering. Dette gjev studentane avanserte kunnskapar som er sentrale i kinesisk sosiolingvistikk som forskingsfelt, og hjelper studentane lære korleis kinesisk sosiolingvistikk utforskar forholdet mellom språk/skriftsystem og uttrykk for klasse, makt og politisk/regional identitet.
Læringsutbyte
Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- vil ha utvikla avansert forståing av sosiopolitiske trekk ved utviklinga av det kinesiske språket
- vil ha tileigna seg avansert kunnskap om den dynamiske interaksjonen mellom sosial endring og språkutvikling
- vil ha vorte gjort kjend med den nyaste litteraturen og dei nyaste analytiske tilnærmingane innan å studere språk som eit sosialt fenomen
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte teoretiske kunnskapar og metodologiske ferdigheiter i å fortolke språkleg utvikling og offisielle språkpolitikk i ein moderne kinesisk kontekst
- kan reflektere kritisk om sosio-politiske følgjer av årsakene og måla for språkpolitikk og språkpolitisk utvikling av språket
- kan analysere og kritisk handsame ulike informasjonskjelder, og nytte dei til å strukturere og formulere akademisk argumentasjon innan fagfeltet kinesisk sosiolingvistikk
Generell kompetanse
Studenten
- vil ha utvikla sterkt multikulturelt medvit om sosial status og bruk av språkformer og lingvistiske verktøy, og gjennom dette ha forbetra sine evner til interkulturell kommunikasjon
- vil kunne nytte tileigna kunnskapar og ferdigheiter til å problematisere variasjonen av språk frå eit sosiolingvistisk perspektiv
- kunne kommunisere om akademiske tema, analyser og konklusjonar innan fagfeltet kinesisk språk-sosiologi, med både spesialistar og ålmenta
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Dei primære undervisningsmetodane inkluderer førelesingar og seminar (til saman 24 timar over 12 veker). Dei viktigaste læringsmetodane for studentane inkluderer deltaking i diskusjonar, student-leidd diskusjon, gruppeoppgåver og liknande.Kurset vert undervist på engelsk, med ein stor del analytiske døme og tekstar på kinesisk. I førelesingane vil utvalde tema innan kinesisk sosiolingvistikk slik som språkpolitikk knytt til standardisering av skriftteikn og alfabetisering verte undervist. I seminara vil det verte halde student-leidde diskusjonsgrupper.
For at studentane skal få teste teori opp mot reelle situasjonar frå det verkelege liv på ein interaktiv måte, vil problembaserte oppgåver verte gjevne der studentane i grupper må arbeide i lag for å finne moglege løysingar, ved å identifisere kva ferdigheiter og kunnskapar dei treng for å effektivt handtere situasjonen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må delta i minst 75% av undervisninga og få godkjent to obligatoriske skriftlege oppgåver for å kunne gå opp til avsluttande eksamen i emnet.
Obligatoriske oppgåver er gyldig i eitt semester etter undervisningssemesteret, og alle obligatoriske oppgåver må vere ferdigstilt same semesteret.
Vurderingsformer
Vurderinga i emnet er ein fire timars skriftleg eksamen. Eksamen vil vere på engelsk.
For at eksamenen skal samsvare best med læringsmåla for emnet vil eksamensoppgåva i hovudsak bestå av subjektive eller opne spørsmål som må svarast på gjennom forklaringar og argumentasjon, inkludert forklare grunnleggjande konsept (terminologi og definisjonar, kortsoppgåver og drøftande essay.. Sidan desse oppgåvetypane (og særleg drøftande essay-oppgåver) krev at studenten organiserer og presenterer originale svar, er oppgåvene laga for å kunne teste og evaluere studentane si djupneforståing av kurstematikken og evne til praktisk problemløysing.Studenten er nøydd å vise sine evner til analytisk og logisk tenkjing gjennom å kritisk samanlikne og kontrastere eit tema som har vorte undervist.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Ei skreddarsydd liste over oppdatert litteratur innan feltet vert gjort digitalt tilgjengeleg.Litteraturlista kan variere noko frå semester til semester, i tråd med utviklingar av kjernedisiplinen og tilhøyrande akademiske krinsar i ulike geografisk-kulturelle kontekstar.
Litteraturlista vil verte gjort tilgjengeleg innan 1. desember for vårsemesteret.