Pedagogikk 2
Årsstudium
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- KMDPED202
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Emnet har som mål å gje studentane kunnskap om lærarrolla i skulen i dag med særleg fokus på problemstillingar knytt til yrkesetikk, profesjonsforståing og skulekultur, danning og sosialisering i eit fleirkulturelt samfunn.
Grunnleggande i emnet er kjennskap til og forståing for skulen som organisasjon og formelle rammer for utdanning i Noreg (aktuelle lov- og planverk og deira historikk).
Pedagogikkemna gjev saman med dei fagdidaktiske emna studentane reiskapar for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning.
Innhald
Emnet tek opp tema som:
- generell didaktikk.
- profesjons- og kulturforståing for læraryrket og skulen som organisasjon.
- danning og sosialisering.
- skulen i eit kultur- og demokratiperspektiv.
- profesjonsetikk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten..
- har god kunnskap om skulen som organisasjon, skulekultur og lærarrolla.
- har god kunnskap om endring i skule og samfunn og korleis dette påverkar ulike aktørar.
- har god kunnskap om estetiske dimensjonar i skulesamfunnet.
- har god kunnskap om yrkesetikk.
- har god kunnskap om samanhengar mellom samfunnsutvikling, utdanningspolitikk og skulens og læraren si rolle i samfunnet.
Ferdigheiter
Studenten..
- kan analysere og drøfte undervisningssituasjonar i lys av etablert kunnskap om eleven og skulen.
- kan analysere og drøfte utfordringar i læreplanar og andre styringsdokument og sjå dette i lys av skulen sitt danningsoppdrag.
- kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsfellesskap for alle elevar.
- kan planlegge undervisning med bruk av relevante arbeidsmetodar og tilpassa den einskilde elev sine læringsføresetnader.
- kan vurdere bruk av digitale verktøy i undervisninga, og utfordringar og moglegheiter knytt til dette.
- kan identifisere, analysere og drøfte relevante profesjonsetiske problemstillingar.
- kan analysere og drøfte ulike utfordringar i lærarrolla og lærarkulturen, inklusiv yrkesetiske problemstillingar og korleis lærarar på ulik vis kan forholda seg til endringar i samfunnet og skulen.
Generell kompetanse
Studenten..
- er tydeleg på kva som er ansvaret og oppgåvene i skulen, og er i stand til å balansere dette.
- har ei profesjonell haldning og kan kunnskapsbasert og kritisk reflektere over spørsmål som gjeld elevane si læring og utvikling.
- kan med stor grad av sjølvstende identifisere, problematisere, vidareutvikle og kommunisere kunnskap innanfor lærarprofesjonen.
- kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis.
- kan bidra til kritisk analyse av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar og delta i samfunnsdebattar om utdanningspolitikk.
- kan identifisere og analysere problemstillingar knytt til skulen sitt danningsoppdrag.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.
Studentane skal i løpet av haustsemesteret levere eit skriftleg samandrag av ein pensumtekst, og ein munnleg presentasjon av same tekst. Dette skjer gruppevis i form av samarbeidslæring.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:
- praksisrefleksjonsoppgåve på 2500-3000 ord som skal leverast i 2. semester (vår). Problemstilling og tematikk skal reflektera innhaldet i emnet og godkjennast av rettleiar.
- munnleg eksamen, ca. 25 minutt.
Desse to eksamensdelane er vekta likt. Minimum to sensorar, kor av ein skal vera ekstern.