Musikkformidling
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MUV236
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk og/eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å fremje forståing og sjølvstende i eit komande yrke som musikar. Emnet skal formidle innsikt og erfaring i kva dei ulike publikumsgruppene krev av tilrettelegging.
Innhald:
Musikkformidling skal gje studenten innsikt i dei mange moglegheitene som finst innanfor musikkformidlingsfeltet i norsk musikkliv, og erfaring med å førebu og delta i ein musikkproduksjon for ei definert målgruppe. Emnet høver både for instrumentalistar, songarar og komponistar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om kva ulike publikumsgrupper krev av tilrettelegging
Ferdigheiter
Studenten
- kan førebu og tilretteleggje for ein utøvande produksjon som t.d. konsert eller konsertførestilling
- forstår å setje saman eit musikalsk program for ulike produksjonstypar
Generell kompetanse
Studenten
- kan orientere seg i moglegheitene og rammene for utøvande kunstnarleg verksemd retta mot ulike publikumsgrupper i samfunnet
- kan utøve musikk med bevisstheit om sin eigen kommunikasjon med ulike publikumsgrupper
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir arbeidd med formidling til publikum på følgjande måtar gjennom workshops/praktisk trening/prosjektarbeid:
- grunntrening i performance, sceneopptreden, regi, lyssetjing o.a. undervisninga kan, om tilhøva ligg til rette for det, samorganiserast med emnet MUV243 Musikkdramatikk.
- Prosjektarbeid som omfattar utforming, produksjon og framføring av konsertprogram for ei definert målgruppe (t.d. born i førskulealder, grunnskule (barnetrinn eller ungdomsskule), vidaregåande skule, aldersheim o.l.)
Prosjektarbeidet skal resultere i ei framføring som er eksamen i emnet, sjå under vurderingsformer.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Delta på undervisning.
- Delta på rettleia gruppearbeid.
Det er forventa at studentane tek eit vesentleg ansvar for å organisere prosjekta i emnet.
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Gruppeeksamen.
Eksamen skal gjennomførast som ein konsert med eit program tilpassa ei definert målgruppe.
Intern sensur med minst to sensorar.