Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- RELV103
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål at studenten gjennom studiet skal tileigna seg eit oversyn over historia til og gode kunnskapar om hinduisme og buddhisme, og kunnskapar om historia og særtrekk til dei andre religionane. Studenten skal også studere eit utval tekster knytt til hinduismen og buddhismen.
Innhald:
Emnet gjev ei innføring til hinduismen, buddhismen, sikhismen, jainismen og zoroastrismen, samt kinesiske og japanske religionar. Særleg vekt er lagt på hinduismen og buddhismen.
RELV103 er ein obligatorisk del av bachelorstudiet og årsstudiet i religionsvitskap.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har kunnskap om opphav, utvikling og variasjon innanfor hinduismen, buddhismen, sikhismen, jainismen og zoroastrismen, samt kinesiske og japanske religionar.
- har innsikt om sentrale idear, omgrep og ritar innanfor desse religionane, samt om deira gjensidige påverknader og brytningar og deira samspel med kulturen elles.
- har kunnskap om sentrale tema og problemstellingar innanfor studiet av desse religionane, samt om grunnleggjande forskingsperspektiv og -omgrep.
Ferdigheiter:
Studenten
- har evne til å setje seg inn i eit variert tekstmateriale på både norsk og engelsk, kunne behandle og vurdere informasjon kritisk, analysere fagstoff og dra eigne slutningar, samt evne til å kunne skrive ei resonnerande tekst.
Generell kompetanse:
Studenten
- har røynsle med å tolke og presentere informasjon.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
To oppgåver (inntil 1500 ord) og ein quiz. Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjend/ikkje godkjend.
Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestra.
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen (inntil 3000 ord) på 6 timar.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust.
Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1000 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.