Miljøsosiologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- SOS115
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
SOS115 er et fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Miljø, migrasjon og utvikling. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjent med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valde emnet. Ei slik fordjuping vil også gi et godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.
Målet med dette emnet er å gje studentane brei kunnskap om samfunnsfaglege, og spesielt sosiologiske, perspektiv på korleis miljøproblem oppstår, vert oppfatta, utviklar seg, og eventuelt vert løyst, samt kva sosiale konsekvensar dei har. Studentane skal få fagleg grunnlag for å kunne delta i diskusjonar om miljøproblem, og til å bidra i diskusjon av løysingar på slike problem og dei sosiale følgjeproblema deira. Kurset gjev mellom anna ein oversikt over tradisjonelle samfunnsfaglege syn på høvet mellom samfunnet og det biofysiske miljøet, ei innføring i viktige trekk ved nyare miljøsosiologi, ein presentasjon av økologiske perspektiv på natur og samfunn, og ein diskusjon av realistiske og konstruktivistiske perspektiv på miljøet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Etter å ha avslutta emnet kan studenten:
- gjere greie for ulike generelle samfunnsfaglege perspektiv på miljøproblema
- gjere greie for ulike syn på usikkerhet, risiko, vitskap og kunnskap om miljø
- gjere greie for sentrale teoriar om dei sosiale årsakene til og konsekvensane av miljøproblem og om høvet mellom sosiale og økologiske system
- gjere greie for ulike typar miljøforvaltningsproblem og ulike typar miljøforvaltningsprinsipp
Generell kompetanse
Etter å ha avslutta emnet kan studenten:
- finne fram til og presentere informasjon om miljøproblem og miljøforvaltning, og delta i diskusjonar om dette med fagleg grunngjevne argument
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar
20-24 førelesingstimar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1. Obligatorisk innlevering av oppgåve (2000 ord, +/- 10 %)
2. Innsamling og 5-10 minutts presentasjon av informasjon om eit oppgitt tema.
Arbeidskrava vil få kommentarar og må vere godkjend før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret og det påfølgande eksamenssemesteret.
Vurderingsformer
6 timars skriftleg skuleeksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.