Velferdsstaten og det fleirkulturelle Noreg
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- SOS660
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Sosiologi er vitskapen om samfunnet i vid forstand. Korleis institusjonar og sosiale strukturer skaper moglegheiter og avgrensingar for individ og samfunnsgrupper er et sentralt tema i sosiologien.
Målet med kurset «Velferdsstaten og det fleirkulturelle Noreg» er å gje innsikt i korleis flyktningar, migrantar og andre personer med ein annen etnisk og/eller nasjonal bakgrunn møter den norske velferdsstatens institusjonar og kva for utfordringar og dilemma dette skaper for både offentlig tilsette og for personene sjølv.
Kurset vil formidle grunnleggande sosiologiske innsikter i korleis sosial ulikhet skapas og reproduserast når ulike samfunnsgrupper møter velferdsstatens tenester, kva for betydning klasse, kjønn, utdanning, etnisitet og/eller nasjonal bakgrunn kan ha for innvandrarens tilgang og tillit til velferdsstatens tenester og institusjonar.
Studiet er praksisnært ved at studentanes refleksjonar rundt egen yrkesutøvelse og egne erfaringar i møte med flyktningar og innvandrar brukas aktivt som ressurs i undervisninga.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- Har kunnskap om sentrale aspekt ved sosiologiens tilnærming til velferdsstat, institusjonar, makt og autoritet, kjønn, familie og omsorg, sosial ulikhet, migrasjon, innvandring og integrering i dagens Norge
- Har kunnskap om korleis sosiologisk forståing for kulturelt og sosialt mangfald er av betydning for samfunnsprosesser knytt til innvandring, integrering og vellykka tenesteyting
Ferdigheiter
- Kan bruke sosiologisk kunnskap om sosial ulikhet til sjølvstendig refleksjon over ulike utfordringar og dilemma i den norske velferdsstaten
- Kan trekke på egne erfaringar frå arbeidslivet og knytte desse til kursinnhaldet
- Kan reflektere over samanhengen mellom egen yrkesutøving og sosiologisk forståing for sosial inklusjon/eksklusjon
- Kan bruke sosiologisk kunnskap om sosial ulikhet til å styrke kommunikasjons- og samhandlingsprosesser i møte med fleirkulturelle brukere
Generell kompetanse
- Har økt forståing for samspelet mellom individ og velferdsstat i et fleirkulturelt perspektiv
- Har økt forståing for korleis sosiologiske perspektiv på sosial ulikhet kan brukas som eit verktøy for refleksjon, samhandling, og kommunikasjon i det fleirkulturelle Norge
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten vil bli bede om å levere ein kort tekst (700 ord, +/- 10%) ved semesterstart, der dei gjer greie for problemstillingar dei møter i sin arbeidskvardag. Denne teksten vil bli nytta for å tilretteleggja undervisninga.
Studenten skal levere eit obligatorisk essay (1500 ord +/- 10%) midtveges i semesteret. Oppgåveteksten er formulert som ei refleksjonsoppgåve, og studenten skal trekkja på eigne erfaringar frå arbeidslivet og knyta dette til emneinnhaldet.
Studenten vil få skrifteleg tilbakemelding samt godkjent/ikkje godkjent på det obligatoriske essayet. Godkjent obligatorisk essay gjev grunnlag for å gå opp til eksamen.