Home
Department of Economics

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
NYHETER

– Sjukmeldte bør godta mindre løn

Professor Kjell Vaage meiner det er på høg tid å gjere noko med dagens sjukelønsordning. Han foreslår at både arbeidsgjevar og arbeidstakar skal vere med i spleiselaget.

Illustrasjon syk
Photo:
Colourbox

Main content

Sjukelønnsordninga blei igjen aktualisert som tema i årets valkamp, noko som delvis skuldast at avtalen om inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) skal opp til ny vurdering til neste år.

Professor Kjell Vaage og kollegaene i Gruppe for trygdeøkonomi ved UiB har alltid vore kritiske til den norske sjukelønsordninga. Han tek til orde for at ytingane blir redusert frå første fråværsdag, og meiner dette vil kunne bidra til å redusere det høge sjukefråværet i Noreg.

– Folkehelsa i Noreg er god og blir stadig betre; likevel ligg vi i verdstoppen når det gjeld sjukefråvær. Noko av dette kan truleg tilskrivast at vi har verdens mest generøse sjukelønsordning. Ikkje overraskande tyder internasjonal forsking på at sjukefråværet går ned når ein reduserer utbetalinga av sjukepengar, seier Vaage.

Feil å innføre karensdag

Vaage foreslår å redusere ytingane med 10-20% frå første dag, og meiner det har betyding for kva val folk gjer når dei vurderer om dei er friske nok til å gå på jobb.

Professoren i samfunnsøkonomi er samtidig lite begeistra for forslaget om innføring karensdagar, som gir 100 % trekk i løn ein eller fleire dagar i starten av fråværsperioden. Han meiner det kan gå utover dei som ynskjer å prøve seg i jobb før dei er heilt friske.

– Utfordringa med karensdag er at dei som tek ein risiko og kjem tilbake til arbeid før dei er kanskje er heilt friske kan risikere å bli sjuke igjen og måtte betale for ei ny karensdag. Då kan dei heller venta ekstra lenge før ein prøver seg i jobb. Denne mekanismen ser vi då dei innførte karensdag i Sverige, som førte til at korttidsfråværet gjekk opp i staden for ned.

Må sjå på langtidsfråværet

Vaage meiner det er særleg viktig å førebygge langtidsfråværet. Han meiner ein bør vurdere tiltak som gir arbeidsgjevar eit større incentiv for å få folk raskare tilbake i arbeid.

– Slik ordninga er i dag, tek staten over finansieringa av sjukefråværet etter 16 dagar, og arbeidsgjevar har difor ingen økonomiske incentiv for å gjere noko med langtidsfråveret. Dette burde erstattast med eit system der dei betaler ein del av trygdeytinga i heile sjukmeldingsperioden.

Vaage meiner det difor er fornuftig at arbeidsgjevar dekker kring 10-20% av trygdeytingane.