Home
Geodynamics and Basin Studies

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Reisebrev fra Utah-kurset GEO

Reisebrev fra Utah-kurset til GEO

Nok et vellykka kurs i GEOV352 til Utah er fullført.

Gruppebilde fra Utah med fjellene i bakgrunnen
Gruppebilde framfor Book Cliffs i Helper, Utah, der ein kan sjå bergartar som er svært like Brent-gruppen i Nordsjøen.
Photo:
Christian Haug Eide

Main content

Master og PhD-studentane frå Institutt for Geovitenskap har nettopp kome tilbake frå det petroleumsgeologiske feltkurset i Utah i USA. Studentane har undersøkt bergartar og deformasjon som er svært likt det ein finner under havbotnen i Nordsjøen.

Kombinasjonen av store fjellsider, likskap til Nordsjøen og eit svært tilgjengeleg feltområde gjer dette til ein effektiv og trygg plass å arrangere eit slikt feltkurs.

Kurset er finansiert av Equinor igjennom Akademia-avtalen, og vart i år undervist av Christian Haug Eide (sedimentolog) og Casey Nixon (strukturgeolog). 

Studentane har blant anna sett på sandsteinar som er ekvivalente til Brent-deltaet, store sanddyner, storskala tektonisk deformasjon, og aktive naturlege CO2-reservoarer.

Kurset gir slik innsikt i fundamentale sedimentologiske og strukturgeologiske prinsipp, og besøker lokaliteter i verdensklasse.