Home
Department of Economics

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Jubilant

Fyller 70 år

Professor Eirik Schrøder Amundsen var ein av dei som underteikna dokumentet som oppmoda Universitetet i Bergen om å etablera eit Institutt for økonomi for 40 år sidan.

Eirik S. Amundsen, professor, Department of Economics, UiB.
Professor Eirik Schrøder Amundsen.

Main content

Det er såleis ein av instituttets «founding fathers» som nå er jubilant. Han var også ein av dei første studentane som tok hovudfag ved instituttet.

Eirik er ein ekte bergensar som fann det naturleg å få ei grunnutdanning på UiB etter oppvekst på Møhlenpris. Etter hovudfaget drog han til Paris der han fullførte ein prislønt doktorgrad om naturressursøkonomi - på fransk (!). Den internasjonale orienteringa er sidan blitt styrkja gjennom ei rekke utanlandsopphald. Det lengste av desse varte i fleire år som professor med lærestol ved Københavns universitet, der Eirik framleis er professor emeritus. I Danmark blei Eirik utnemnd til det ærerike vervet « økonomisk vismand» som er ei formell rolle som rådgjevar og premissleverandør for danske styresmakter.

Ei lang rekke publikasjonar i leiande vitskapelege tidsskrift vitnar om fundamentet for den vitskapelege kompetansen som ligg bak karrieren. Denne kompetansen er også anerkjent gjennom opptak i det europeiske vitskapsakademiet, Academia Europaea.

Det har blitt sagt om tidlegare stortingsrepresentant Olav Oksvik (Ap) at han skreiv i margen på eit manuskript til ein tale: «Svakt argument - hev stemmen». Eirik treng ikkje heva stemmen - og han gjer det ikkje heller.

«Bergensprofessoren» er eit ynda parodiobjekt for komikarar. Han er ofte oppøst og har eit bustehovud med hår i alle retningar. Han snakkar for høgt, for fort og for mykje. Eirik er eit døme på at heller ikkje denne klisjéen passar på alle. Med utgangspunkt i eit solid fagleg fundament er han ein stille bergensar. Eirik har høg kompetanse, brei erfaring og ein vennleg veremåte. Dette gjer han populær som forelesar og rettleiar, og høgt skatta av oss kollegaer. Vi gratulerer jubilanten med syttiårsdagen og ser fram til å trekka vekslar på kompetansen hans også i åra som kjem, sjølv om vi veit at vi nok ein gong må dela han litt med Københavns universitet. Men vi er økonomar og forstår at dette treng ikkje berre vera ei ulempe, men kan også vera ein fordel.