Home
Department of Geography

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Utveksling

Utveksling til Island

Eg heiter Mari, og går mitt femte geografisemester i Reykjavik, på University of Iceland, eller Hàskòli ìslands om du vil. Eg har i skrivande stund vore her i to månader, og to månader står att til heimreise.

Mari bader i varme kjelder
Bading i varme kjelder i naturen må alle få med seg på Island.
Photo:
Mari Froastad

Main content

Dersom du fortsett å lese får du  eit lite innblikk i kva livet på utveksling har å by på.

Vind, regn, snø og sol

Den første tida på Island har vore fylt med mange nye inntrykk, nye rutinar og nye menneske. Eg har likevel tenkt mange gonger at det kunne vore mykje verre, då islendingar flest ikkje er veldig ulike oss nordmenn. Det same gjeld når det kjem til klima, sett bort ifrå at det er iskaldt allereie kan det minne mykje om godt gamalt Bergensvær. Det bles, regnar, snør og er sol om ein annan, gjerne alt på ein dag. Trass i at Island har gjedd meg det mest ”ekstreme været” eg nokon gong har opplevt, er det jaggu mangt ein vert vane med.

Hàskòli ìslands

Hàskòli ìslands består av 25 fakultet, og er landets største institusjon for høgare utdanning. Eg er ein del av School of Engineering and Natural Science, og derunder Faculty of Life and Environmental Science.

Faglig har eg sett mest fokus på natur (spesielt den islandske), klimaendringar, polarsirkelen og utfordringar i dette området samt islandsk historie (både naturlig og kulturell). Då alt inngår som frie studiepoeng er det ei ganske tilfeldig samansetning, men det er noko eg kan trivst med!

Skulen tilbyr uendelig mange fag, som igjen fører til at klassane er små og ein vert fortare kjend med kvarandre. Professorane er flinke, skulen er oversiktleg og ein får tak i kaffi i alle bygg. Med andre ord; eg kan absolutt anbefale deg å ta eit semester her om du har moglegheit.

Island må opplevast før eksamensperioden tar oss

Landet i seg sjølv er heilt unikt, og eg har knapt hatt ei helg kor eg ikkje har reist på nye eventyr. Universitetet har gjedd meg mange gode venner, og me er alle med same oppfatning; Island må opplevast før eksamensperioden tar oss, samt før det vært for kaldt.

Fjellturar, varme kjelder i naturen, unike naturfenomen, festar og lange bilturar oppsummerer nokon lunde tida fram til no, og det er ikkje tvil om at det har gjedd meg minne for livet.

5 hotte tips

Avslutningsvis følger fem hotte tips til deg som vurderer å reise hit, enten det er på ferie eller på utveksling:

  1. Ikkje ta med deg ankelsokkar, du får ikkje brukt dei.
  2. 500 kr er billig for ei øl (ikkje bruk for mykje tid på å prøve å forstå valutaen)
  3. Ikkje sov i telt i 22 m/s vind
  4. Aldri undervurder verdien av ull
  5. IKKJE smak fermentert hai

 

Helsing frå Mari Froastad