Her er dei nye samfunnsfagstudentane
Dei nye studentane ved SV -fakultetet vart tekne imot med pomp og prakt i dag. Rekordmange har takka ja til studieplass ved fakultetet. (bildekarusell)
Main content
Derfor studerer vi et samfunnsfag i Bergen 2020
Dei internasjonale SV-studentane er her!
– Engasjer dykk! Ta del i dei aktivitetane som vi har, og kom inn i miljøet. Eg håper de er stolte av å vere student hos oss. De har gjort eit godt val!
Det sa studiesjef Kirstine Kolsrud til dei nye studentane då dei samla seg til studiestart i Grieghallen.
Det var stinn brakke i Grieghallen då dei nye SV-studentane vart ønska velkommen
Til saman har 1880 studentar takka ja til studieplass ved SV-fakultetet i år, og dette er ny rekord. SV-fakultetet held med det fast på sin posisjon som det fakultetet med flest studentar, og om lag 3700 personar studerer no her. Av desse er om lag 300 internasjonale studentar.
Studentane vart tekne imot av gruppeleiarar slik som David Olsen, som losa dei gjennom første studiedag
– At så mange vil studere her reflekterer nok at mange ser at det å studere samfunnsfag legg grunnlaget for å løyse dei store samfunnsutfordringane. Ved å studere hos oss kan ein også få ein god og spennande karriere seinare.
Det seier dekan Jan Erik Askildsen.