Home
Department of Archaeology, History, Cultural Studies and Religion

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Markeringer

Semesterets markeringslunsj

Feiring av 25 år som UiB tilsett og runde bursdagar.

av jubilant og instituttleder
Tove Fjell og Jan Heiret
Photo:
Bjørg Teigland, UiB

Main content

Tove Fjell, professor i kulturvitskap, vart markert etter 25 år som UiB tilsett. Instituttleiar trekte fram hennar store engasjement for institusjonen og den gode innsatsen ho har bidrege med innan institusjonelt arbeid.  Ho har vore med i mange råd og utval, og var ein del av leiinga, som undervisingskoordinator, i fleire år. Ho er også høgt skatta som undervisar og rettleiar.

-Når det gjeld forsking og publisering, fortel titlane mykje om kjernen og breidda i forskinga hennar. – Dei syner også hennar samfunnsmessige engasjement og viser til kjernetematikken i kulturvitskap, seier instituttleiar Heiret.

Døme på titlar frå hennar rikhaldige publiseringsliste er Vitenskap og varme hender (Alver, Bente Gullveig; Fjell, Tove Ingebjørg; Ryymin, Teemu. 2013), Den usynliggjorte volden. Om menn som utsettes for partnervold fra kvinner (2013), Å si nei til meningen med livet? En kulturvitenskapelig analyse av barnfrihet (2008), Fødselens gjenfødelse. Fra teknologi til natur på fødearenaen (1998) og Grande-gate og metoo. Om hvordan rykter sprenger seg inn i mediefortellinger og får bestemme dagsorden (2019).

 

 

Tre andre jubilantar vart også markert. Tomas Larsen Høisæter (bilete), Asger Hougaard og Trond Erlien (ikkje til stades) har alle hatt runde dagar i haust. Gratulerer til jubilantane!