Home

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Museumsåpning UiB

Høgdepunkt frå universitetsåret 2019

Les eit utval av dei største sakene som har prega Universitetet i Bergen i året som har gått.

Nok eit hendingsrikt år ved Universitetet i Bergen nærmar seg slutten.

Eit av dei store høgdepunkta for året kom i oktober. Etter seks år med renovering var ventetida over, og Universitetsmuseet, naturhistorie kunne endelig opne att for publikum. Opninga vart ein folkefest, og 10 000 møtte opp til det spektakulære lysshowet som vart arrangert på Muséplass kvelden 14. oktober.

Sidan opninga, kan museet vise til rekordbesøk. I det vi nærmar oss juleferien, har 50.000 tatt turen for å oppleve det "nye" museet. Med ei rekke nye rom og utstillingar er Universitetsmuseet ein levande arena for forskingsformidling, som skal overraske og forundre besøkande i tida framover.

University Museum of Bergen opening 3D Mapping


Sjå video av lysshowet under gjenopninga av Universitetsmuseet.

På Den internasjonale romstasjonen har ASIM-instrumentet, som forskarane ved Birkelandsenteret for romforsking har spelt ei hovudrolle i å utvikle, orkesterplass til det som skjer i den høgare atmosfæren når det er lyn og torden.

Nyleg kunne senterleiar Nikolai Østgaard presentere fleire banebrytande funn frå prosjektet, som viser nye koplingar mellom lyn og fenomen som jordiske gammaglimt, alver og elektronstrålar.

ASIM på ISS
Foto/ill.:
NASA

Ein astronaut går her utanfor Den internasjonale romstasjonen. Oppe til høgre i biletet ser vi ASIM-instrumentet, stadig på jakt etter nye tordenstormar. 

Den reviderte strategien til Universitetet i Bergen, Kunnskap som former samfunnet, er eit viktig bakteppe for satsinga "Klimanøytralt UiB". I 2019 har UiB hatt særleg fokus på korleis ein som institusjon kan jobbe for å bli meir klimavenleg.

Gjennom mellom anna direktesendt debatt hos klyngepartner TV2 i Media City Bergen, spørjeundersøkingar og diskusjonsmøte på Kvarteret, har UiB fått viktige og gode innspel frå tilsette og studentar. Desse blir tatt med i arbeidet for å gjere UiB klimanøytralt innan 2030.

I desember kom den gledelege meldinga om at Senter for Integrert Geovitenskapelig utdanning (iEarth) har fått status som Senter for fremragende utdanning (SFU). Det er Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (DIKU) som tildeler statusen, til miljø som satsar på innovativ og framtidsretta utdanning

– Dette er ein unik sjanse til å gje eit løft for geofaget i ei tid der vår ekspertise trengst på stadig nye område. Vi har noko så sjeldant som eit nasjonalt konsortium, noko som gjer at vi verkeleg kan gjere ein forskjel, både nasjonalt og internasjonalt, sier Jostein Bakke, leiar for iEarth.

iEarth

Produsent:
iEarth

12. desember fekk iEarth status som Senter for fremragende utdanning. Konsortiet vart med det UiB sin andre SFU, etter at bioCEED fekk statusen i 2013.

Under kan du lese om fleire av sakene som prega universitetsåret 2019: 

Smakebitar frå UiB-året 2019