Home
Department of Economics

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Evaluering av pensjonsreforma

Pensjonsreforma skal evaluerast

Professor Kjell Vaage er oppnemnd til utvalg som skal evaluere pensjonsreforma.

Gammel dame putter en mynt i lommeboken sin
Photo:
Illustrasjonsfoto, Colourbox

Main content

Regjeringa oppnemnde fredag 12. juni eit utval som skal evaluera pensjonsreforma som vart innført i 2011, der økonomiprofessor Vaage er eit av medlemene. Vaage er tilsett som professor ved Institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen.

I kunngjeringa frå regjeringa vert det lagt vekt på at utvalet har fått omfattande oppgåver. Det skal evaluere om dei langsiktige måla for reforma kan verte nådd, men det skal også vurdere behovet for justeringar som kan sikre den økonomiske og sosiale bærekrafta i pensjonssystemet. Samtidig som pensjonsystemet skal gi gode pensjonsnivå skal det sikre ei rimeleg byrdefordeling både innad i kvar generasjon og mellom generasjonane. Det er derfor viktig å halde fast ved hovudprinsippa i pensjonsreforma.

Utvalget har denne sammensetninga:
•Kristin Skogen Lund, konsernsjef, Oslo (leiar)
•Steinar Fuglevaag, spesialrådgivar, Oslo
•Ola H. Grytten, professor, Bergen
•Christl Kvam, kommunedirektør, Gjøvik
•Marianne Marthinsen, stortingsrepresentant, Oslo
•Hilde Olsen, nasjonal ekspert, Oslo
•Axel West Pedersen, professor, Bærum
•Jon Håvard Solum, administrerende direktør, Grong
•Terje Søviknes, nestleiar, Bjørnafjorden
•Ragnar Torvik, professor, Trondheim
•May Britt Vihovde, administrasjonssekretær, Haugesund
Kjell Vaage, professor, Bergen
 

Utvalet skal levera si utgreiing innan 1.mars 2022.