Home
UiB AI

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Bidragsytarar

Desse møter du på Intelligente Bergen 2023

Sjå kven som vil dele kunnskapen sin med deg på Intelligente Bergen 2023.

biletblokk
Photo:
Privat/UiB

Main content

Del 1: Kva er muleg?

Klas Pettersen

Klas Pettersen er CEO i NORA – Norwegian Artificial Intelligence Research Consortium, eit samarbeid mellom åtte norske universitet, fire høgskular og fem forskingsinstitutt innan kunstig intelligens (KI), maskinlæring og robotikk. Pettersen er opprinneleg sivilingeniør i fysikk frå NTNU, der han studerte kvantemekanikk og relativitetsteori. Etter ein kortere periode i konsulentbransjen starta han som stipendiat og ferdigstilte sin doktorgrad innan teoretisk nevrovitskap ved NMBU i 2007. Ein stor del av sin forskarkarriere har Pettersen jobba med å bruke metodar frå fysikk, matematikk, informatikk og kunstig intelligens for å forstå mekanismar i hjernen. Pettersen har blant anna jobba som forskar ved NMBU (2008-2013) og ved Det Medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo (2014 til 2019) og som konsulent i eit multinasjonalt konsulentselskap. Delar av doktorgradsperioden tilbrakte han ved Harvard Medical School i Boston, og han har seinare og hatt forskeropphold ved University of California San Diego. Frå 2019 har Pettersen vore CEO i NORA, der han leiar arbeidet med å styrke norsk forsking, utdanning og innovasjon innan kunstig intelligens.

Pål Grønås Drange

Drange er førsteamanuensis i algoritmer ved Institutt forInformatikk, Universitetet i Bergen. Han er ein del av forskingsgruppa "CEDAS: Center for Data Science" og principal investigator i forskingsprosjektet Algorithmic Foundationsfor Trustworthy AI, støtta av Trond Mohn Stiftelse. Drange er òg del av forskingsprosjektet Machine Teaching for Explainable AI, eit forskingssamarbeid mellom universitetet og partnarane Eviny og Equinor. Drange har sidan 2021 vore fagansvarlig for IT og Algoritmer i Store Norske Leksikon.

Jonas Dammen

Dammen er gründer i Catchwise AS og utdanna sivilingeniør frå NTNU innan datateknologi. Han er spesialisert innan maskinlæring og kunstig intelligens, og har blant anna forska på sjølvkøyrande bilar. I dag jobbar han som konsulent i Capgemini og har rolla som maskinlæringsarkitekt. Ved sidan av denne jobben har han vore med på å starte selskapet Catchwise som bruker kunstig intelligens til å predikere kor ein kan finne fisk.

Catchwise er eit selskap som har som mål å revolusjonere fiskeindustrien med data. Dei vil bruke moderne teknologi, store mengder data og KI til å hjelpe alle fiskarar med å bruke mindre tid og drivstoff på å fylle fiskekvotane sine. Fiskarane kan få meir fisk for mindre kostnad og arbeid, mens havet og kloden får mindre klimautslipp. Selskapet starta som eit utspring frå ein konkurranse arrangert av Norwegian Artificial Intelligence Research Consortium (NORA). Konkurransen gikk ut på å predikere kor det er mest sannsynlig å finne fisk, og over 30 lag konkurrerte. Teamet til Jonas og Åsmund gikk av med sigeren, noko som trigga dei til å sjå kor vegen kunne gå vidare.

Åsmund Brekke

Brekke har ein mastergrad i datateknologi frå NTNU og KU Leuven med spesialisering i kunstig intelligens. Han jobbar for tida som IT- konsulent i Netlight og brenn for dataanalyse og å byggje store dataplattformar. Åsmund er medgründer i Catchwise og elskar å prate om fiske og KI.

Hildegunn Siv Aase

Aase er spesialist i Radiologi, og har jobba med diagnostikk av brystkreft i ei årrekke. Ho har ein doktorgrad der ho har samanlikna bruk av 3D-mammografi med vanleg 2D-mammografi i screening. Ho er no overlege og senterleiar ved Brystdiagnostisk senter, radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus.

Tore Lunde

Lunde er ingeniør ved Bergen Vann, og har jobba med drift av avløpsnettet i Bergen Kommune i 10 år. Her har han hatt eit bredt spekter av arbeidsoppgåver, men dei siste åra har det i hovudsak gått i dataanalyser då dette er eit stort fokusområde for Bergen Vann.

Del 2: Kva er lov?

Malgorzata Cyndecka

Cyndecka er førsteamanuensis ved Det juridiske fakultetet ved UiB, førsteamanuensis II ved UiO, og tilknytta SLATE, UiBs Center for the Science of Learning and Technology. Malgorzata jobbar med EU/EØS-rett, særleg reglar om statsstøtte og personvern. Som personvernekspert er ho medlem av Europarådets ekspertgruppe «Artificial Intelligence in Education».

Finn Lützow-Holm Myrstad

Myrstad er fagdirektør i Forbrukerrådet, der han mellom anna arbeidar med personvern, IKT-tryggleik og digitale rettar meir generelt. Han leiar òg digitalkomiteen i det transatlantiske forbrukarnettverket, TACD, med 80 medlemsorganisasjonar frå begge sider av Atlanteren. Han var medlem av den norske personvernkommisjonen fra 2020-2022 som utgreidde personvernets stilling i Norge. Arbeidet i Forbrukerrådet har blant anna involvert analyser av appar, manipulerande design og internettilkobla dingsar, som har ført til fleire klager til Forbrukertilsynet og Datatilsynet. Myrstad har halde foredrag på Harvard, Princeton, teknologikonferansen SXSW, G20, Europaparlamentet og sist på TED-scenen i New York.Myrstad har tidlegare jobba som spesialrådgivar i Statnett, seniorkonsulent og assisterande dagleg leiar i rådgivningselskapet Brusselkontoret og har fartstid frå blant anna Utanriksdepartementet, og som leiar av Europeisk Ungdom. Myrstad har ein mastergrad i europeisk politikk frå LSE og ein mastergrad i administrasjon og leiing (EMBA) frå Hult International Business School.

Ingebjørg Kåsen

Kåsen er forskingsleiar på avdeling for Sensor- og overvåkingssystemer ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI). Hun har ansvar for strategisk satsing på AI og stordata ved FFI. Ingebjørg har lang erfaring både med grunnleggende forskning innenfor AI og med operasjonalisering av AI-baserte løsninger i Forsvaret. Hun har deltatt i en rekke samarbeider om utvikling og anvendelse av AI-teknologi under NATO og med allierte, og hun er Norges representant i NATOs «Data and AI Review Board», som guider operasjonalisering av ansvarlig AI i NATO.

Del 3: Kva er lurt?

Nikolay Kaleyski

Kaleyski er førsteamanuensis ved Instituttet for Informatikk ved Universitetet i Bergen. Forskninga hans fokuserer på symmetrisk kryptografi, kryptografiske boolske funksjonar og relaterte algoritmar. Han underviser i kryptografi og informatikk, og har representert instituttet ved mange internasjonale konferansar og arrangement som f. eks. Christiekonferansen i 2021.

Catharina Nes

Nes er rådgivar i Capto og har lang erfaring med feltet personvern, digitalisering og kunstig intelligens. Catharina var inntil nyleg direktør i PwC med ansvar for personvern og ansvarleg AI. Før dette jobba ho 12 år i Datatilsynet, der ho blant anna leidde arbeidet med den regulatoriske sandkassa for kunstig intelligens. Ho var sekretariatsleiar for Personvernkommisjonen som leverte sin NOU til regjeringa i 2022. Catharina var òg med å skrive den nasjonale strategien for kunstig intelligens og var i fleire år fast teknologispaltist i Dagens Næringsliv.

Chris Ronald Hermansen

Hermansen (33) er redaksjonsleiar for Nyhetene i TV 2. Han er rådgivar for kunstig intelligens i leiargruppa i mediehuset, og har ansvar for Nyhetenes KI-satsingar. Hermansen hadde ansvar for å utarbeide TV2s retningslinjer for bruk av kunstig intelligens i nyheitsredaksjonen, og er nå prosjektleiar for ei rekkje ulike initiativ der kunstig intelligens står sentralt. Hermansen har arbeidd i TV 2 sidan 2017, og er utdanna jurist.

Hilde G. Corneliussen

Corneliussen er forskningsleiar for området teknologi og samfunn ved Vestlandsforsking. Ho har doktorgrad i humanistisk informatikk frå Universitetet i Bergen og forskar særleg på IKT og kjønn, mangfald og inkludering. Ho har bidratt til FNs Industrial Development Organization (UNIDO) sin rapport frå 2023 om kjønn, digital transformasjon og kunstig intelligens, og gir i haust ut boka Reconstructions of Gender and Information Technology: Women Doing IT for Themselves (Palgrave Macmillan).

Svenja Lys Forstner og Thale Knudsen Kirkhorn

Forstner og Kirkhorn er nyutdanna med ein mastergrad i medie- og interaksjonsdesign frå UiB. Saman har dei jobba med utviklinga av masterprosjektet «enkl.». Les meir om prosjektet her.

August Tidemann Klevberg

Klevberg studerer informatikk og kunstig intelligens ved Universitetet i Bergen. Han har fått finansiering av sitt prosjekt for KI-basert språkopplæring gjennom UiBs innovasjonsprogram UiB idé.

Intelligente Bergen
Photo:
UiB