Home
Department of Archaeology, History, Cultural Studies and Religion

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Svein Ivar Angell tildelt Odda Mållag sin Målpris for 2025

Professor i historie ved AHKR, Svein Ivar Angell, er tildelt Målprisen 2025 frå Odda Mållag. Prisen blei kunngjord på årsmøtet 15. februar og heidrar Angell for hans konsekvente bruk av nynorsk som fagspråk på høgt akademisk nivå.

Main content

Ifølgje Odda Mållag får Angell prisen for sitt arbeid med å synleggjere nynorsk som eit fullverdig og relevant akademisk språk, og for å vere eit viktig førebilete for korleis dialektbakgrunn og nynorsk skriftmål naturleg høyrer heime i det offentlege ordskiftet. Angell har røter både i Odda og Skare, og mållaget løfter fram den tydelege språkkompetansen og samfunnsrolla hans i grunngjevinga.

Eg synest det er veldig gledeleg, og det var heilt uventa. Det er viktig at nynorsk blir oppretthalden også i sakprosa, då nynorsken her er under språkpress frå engelsk,

seier Angell i ein kommentar til Hardanger Folkeblad.

Den formelle utdelinga av prisen vil finne stad på Odda Mållag sin kulturkveld seinare i år.

Les heile saka i Hardanger Folkeblad via denne lenka.

 

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap gratulerer Svein Ivar Angell med Målprisen 2025. Instituttet uttrykker stor glede over at ein frå våre fagmiljø får ei slik anerkjenning for å løfte fram nynorsk fagspråk på eit høgt akademisk nivå. Nynorsk spelar ei viktig rolle både i formidling, forsking og undervisning, og Angell sitt arbeid viser kor verdifullt og berekraftig det er at vårt eige språk står sterkt også i forskingskontekstar.