Home
Department of Geography
Alumni

Overingeniør i Statens vegvesen

Sara-Beate Larsen fullførte mastergraden i geografi våren 2010, og arbeider i dag med GIS i Statens vegvesen.

Main content

Relevant kunnskap frå utdanninga mi ved UiB er bruk av GIS-verktøy, problemløysing og utarbeiding av prosessar.

Kvifor valte du å studera geografi ved UiB?

At eg enda opp med ein mastergrad i geografi var nok ikkje planen då eg byrja studietida ved UiB. Eg kom inn på studieprogrammet bachelor i miljø- og ressursfag. Etter kvart som eg tok studiepoeng i geografi fann eg ut dette var noko eg likte og kunne tenke meg å studere vidare. Eg jobba meg deretter opp nok studiepoeng i geografiemnar til at eg kunne søke på masterstudiet.

Kva var det beste med studietida på geografi?

Det beste med studietida var heilt klart det sosiale. Gode studievenner og godt miljø. Lærerike og kjekke feltkurs både innanlands og utanlands med utfordringar me saman løyste. Nokre fantastiske år.

Kva skreiv du om i masteroppgåva?

Då eg kom inn på masterstudiet fekk eg tilbod om ulike tema eg kunne velje. Det eg syns var mest spennande var ei oppgåve om georadar (GPR). Her kunne eg få vere med på å utvikle bruken av georadar innanfor naturgeografien. Februar 2009 reiste vi tre stykk frå UiB til Svalbard for å lære oss teorien bak bruken av georadar og sommaren 2009 reiste eg til Andøya på feltarbeid. Vel heime igjen sto eit år med oppgåveskriving og problemløysing for tur før masteroppgåva med tittelen «Bruk av GPR for å auke forståinga av sedimentasjonsprosessar i Nedre Finnkongdalsvatn, Andøy, Nord-Noreg» vart levert.

Kva arbeider du med i dag?

I dag er eg tilsett på Geodataseksjonen hjå Statens vegvesen. Her jobbar eg med GIS i ulike formar både lokalt og på landsbasis, som til dømes dataflyt frå veganlegg til kart og Nasjonal VegDataBank (NVDB) og kvalitetsheving av data.

Korleis er utdanninga di relevant for deg i arbeidslivet?

Relevant kunnskap frå utdanninga mi ved UiB er bruk av GIS-verktøy, problemløysing og utarbeiding av prosessar.

Portrettet er først publisert i 2012.