Home
Department of Clinical Dentistry

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Over 2 milliardar til tannhelse i Noreg

I overkant av 2 milliardar kroner vart brukt på tannhelse i fylkeskommunane i 2008. Talet på årsverk for både tannlegar og tannpleiarar aukar. Også talet på utanlandske tannlegar aukar. Gjennomsnittleg tal på hol går ned på landsbasis for både 12- og 18-åringar.

Main content

Målt i brutto driftsutgifter brukte fylkeskommunane til saman nærmare 2,1 milliardar kroner på tannhelsetenester i 2008. Dette er om lag 130 millionar kroner meir enn året før og tilsvarer ein auke på 6,6 prosent. Dei gjennomsnittlege utgiftene per innbyggjar i landet var i overkant av 2 140 kroner i 2008, noko som er ein auke på vel 40 kroner per innbyggjar frå 2007. Ein stor del av utgiftsauken kan tilskrivast høgare lønsutgifter i sektoren.

Fleire tannlegar og tannpleiarar

Talet på årsverk for tannlegar i landet held fram med å veksa. Frå 2004 til 2008 har talet på avtalte årsverk i offentleg og privat tannhelseteneste samla auka frå snautt 3 800 til om lag 4 100. Dette utgjer for 2008 vel 1 173 (tallet er rettet 6. juli 2009) innbyggjarar per tannlege i landet, og er ein positiv nedgang i innbyggjarar per tannlege på om lag 40 (tallet er rettet 6. juli 2009) sidan 2004.

Tannlegespesialistar har i same periode auka frå vel 200 avtalte årsverk i 2004 til om lag 380 i 2008, ein prosentvis auke på 85 prosent. Talet på innbyggjarar per tannlegespesialist har hatt ein positiv nedgang på nesten 10 000 personar sidan 2004.

Talet på tannpleiarar i tannhelsetenesta har auka frå vel 600 avtalte årsverk i 2004 til om lag 750 i 2008. Det er framleis flest tannpleiarar som arbeider i den offentlege tannhelsetenesta, men den prosentvise auken for perioden 2004-2008 er klart størst i den private tannhelsetenesta.

Les meir hos statistisk sentralbyrå