Hjem
Det humanistiske fakultet
kunnskapsklynge

Arbeidet med mellomalderklynga er i gong

Klynga skal vere ein pådrivar for utvikling av lokal og nasjonal kunnskapsformidling om mellomalderen.

Åslaug Ommundsen
MELLOMALDERKLYNGE: – Bergen er full av gode formidlarar og engasjement for mellomalderen, så dette vil handle mykje om å få maksimalt ut av det som allereie finst, seier forskar Åslaug Ommunsen.
Foto/ill.:
Ingrid Endal

Hovedinnhold

– Bergen har eit fantastisk miljø for mellomalderforsking både innanfor og utanfor universitetet. Å få vere med på å knyte desse endå tettare saman, blir ei spanande og gjevande utfordring, seier forskar Åslaug Ommundsen.

Å få etablert ei kunnskapsklynge for mellomalderforsking har stått høgt på Det humanistiske fakultet si prioriteringsliste, og no er arbeidet i gong, i første omgang med Ommundsen ved roret.

Mangfoldig mellomalderforsking

Klyngesatsinga til Universitetet i Bergen har fokus på å sjå utover universitetets grenser og få forskingsresultat ut av kontora og ut i samfunnet for øvrig. At ei mellomalderklynge skulle vere blant dei seks utvalde har vore ei kampsak for avtroppande dekan ved HF-fakultetet, Margareth Hagen.

For mellomalderklynga er det kontakten  med  forvalting, museum, skular og reiselivsnæring som står i fokus, og klynga skal vere ein pådrivar for utvikling av lokal og nasjonal kunnskapsformidling om mellomalderen. Klynga vil også synleggjere fagmiljøa internt og understreke breidda av mellomalderforsking i Bergen.

– Var det noko som kom tydeleg fram under mellomalderkonferansen november 2015, så var det at det er mange fleire enn ein trur som arbeider med mellomalder. Mange kan ha nytte av at me har meir kontakt med kvarandre, ein kontakt som i sin tur kan skape ny kunnskap, nye idear og nye formidlingsformer, understrekar Ommundsen.

Mellomalderbyen Bergen

At fokuset på mellomalderen har blitt ein del av langtidsstrategien nett ved Universitetet i Bergen er ikkje tilfeldig.

– Her i Bergen kan me vandre i gateløp frå 1100-talet og gå inn i kyrkjer som i 800 år eller meir har vore viktige bygningar i folk sine liv. Det er klart at byen sjølv spelar ei rolle og er inspirerande både for unge og for dei som allereie er etablerte i diverse forskingsinstitusjonar, seier Ommundsen.  

– I tillegg har Bergen fantastiske samlingar, ikkje minst av runepinnar og kyrkjekunst, og dette er ting som interesserer – og forpliktar.

Stort engasjement

Kva form mellomalderklynga vil få, kva for aktivitetar ho vil omfatte og kva for gjennomslagskraft ho vil få, vil tida vise.

– Ambisjonane er heilt klart på plass, men det er mykje praktisk arbeid som må gjerast, ikkje minst med å informere og kontakte interesserte både innanfor og utanfor universitetet. Vi vil arbeide for å gje mellomalderklynga ei god form som vil fremje samarbeid og stimulere til ny aktivitet. Heldigvis har me fått ei fabelaktig arbeidsgruppe på plass, og får snart ein ny person på plass i ei prosjektstilling. Det blir nok å gjere til hausten, understrekar Ommundsen.  

– Bergen er full av gode formidlarar og engasjement for mellomalderen, så dette vil handle mykje om å få maksimalt ut av det som allereie finst.