Hjem
Institutt for sosialantropologi
Møt våre masterstudenter

Fartein H. Nilsen - åsatru på Island

Fartein blir berre meir interessert i faget jo meir han får utdype seg i interessane sine. Han var utvekslingsstudent ved det yrande antropologimiljøet i København, før han fór til Dunedin på New Zealand semesteret etter. I bacheloroppgåva skreiv han om sosiale aspekt kring klimaendringar, no forskar han på moderne åsatru etter feltarbeid på Island.

Hovedinnhold

Eg saknar av og til det å kunne gå i ei førelesing, men det å kunne arbeide med sitt eiget prosjekt er utruleg givande.

År påbegynt grad: 2018

Faglig veileder: førsteamanuensis Mary Bente Bringslid

Hvorfor valgte du en mastergrad i sosialantropologi?
I løpet av bachelorstudiane vart eg berre meir og meir interessert i faget. Dette, og det at ein får reise på feltarbeid kor som helst i verda, var noko av det som gjorde at eg valte å fortsetje på ein mastergrad.

Hvordan har overgangen fra bachelor- til masterprogrammet vært?
Det store skiljet mellom bachelor og master er kor mykje meir sjølvstendig ein brått må vere. Det å skulle utarbeide sitt eiget forskingsprosjekt og planlegge eit feltarbeid sett ein del krav til sjølvstendig arbeid og tenking. Eg saknar av og til det å kunne gå i ei førelesing, men det å kunne arbeide med sitt eiget prosjekt er utruleg givande.

Hva er den viktigste kompetansen du tilegner deg som masterstudent i sosialantropologi?
Fleksibilitet og sjølvstende!

Hva skrev du om i bacheloroppgaven? Hvorfor valgte du dette temaet?
I bacheloroppgåva mi skreiv eg om dei sosiale aspekta kring klimaendringar. Det vil seie korleis klimaendringar konkret påverker levd liv og sosiale relasjonar. Fokuset i oppgåva var både historisk og komparativt for å kaste ljos over globale klimaendringar som eit sosialt fenomen og kva for kulturelle verdier og sosioøkonomiske relasjonar som har ført oss til det punktet me er i dag. Interessa for dette tema kom ut av at det var mykje fokus på klimaendringar på instituttet då eg skulle skrive bacheloroppgåva mi.

Hva skriver du masteroppgaven din om? Hvorfor valgte du dette temaet?
Masteroppgåva mi baserar seg på eit 6 månader langt feltarbeid gjort på Island våren 2019. Forskingsprosjektet tek for seg problemstillingar kring modernitet, tradisjonalisme, nyreligiøsitet og identitetskonstruksjon blant folk som praktiserer moderne åsatru på Island. I 2018 var det registrert 4126 medlemmar i Ásatrúarfélagið (den islandske trussamfunnet for åsatruarar), noko som utgjer ca. 1.18% av folkesetnaden på Island. Dette gjer åsatru til den største og raskast vaksande ikkje-kristne religionen på Island i dag.

Fascinasjonen med Island oppstod då eg skreiv bacheloroppgåva mi og las om tilhøvet islendingane hadde til landskapet kring seg i mellomalderen. Eg visste difor at eg ville reise til Island, men tematikken hadde eg ikkje heilt bestemt meg for. Då eg fann ut at åsatru på Island var såpass stort som det er vart eg veldig nyfiken. Korleis har det seg at eit trussystem som har vore borte i over tusen år brått gjenoppstod i eit høgst industrialisert og tilsynelatande sekulært samfunn som Island?

Hva er ditt beste minne fra studietiden på master så langt?
Den kjensla av at ein endeleg byrjar å forstå noko når ein er i felt. Ingenting slår den.

Hvorfor bør nye søkerer velge master i sosialantropologi?
Det gir deg ein heilt unik og verdifull måte å sjå verda på! Ein lærer både seg sjølv og andre menneske å kjenne.

Har du tips til ferske masterstudenter?
Pust med magen og ver villig til å endre kurs om ting ikkje skulle gå heilt som planlagt.

Har du vært på utveksling? Hvordan var det? Hva lærte du?
Eg var på utveksling ved Københavns Universitet i Danmark og University of Otago i New Zealand. Desse opphalda har vore uvurderlege for mi faglege utvikling.

Under semesteret i Danmark var eg blant anna med på å planlegge, filme og redigere ein kort dokumentarfilm om Den Norske Sjømannskirken i København. Fagene eg tok var:- Organizational Anthropology (7,5 stp)- The Anthropology of Migration, Introductory course (7,5 stp)- Visual Anthropology (7,5 stp)- Protest, Resistance, Rebellion and Revolution (7,5 stp).

Under opphaldet mitt i New Zealand fokuserte eg på både arkeologi og sosialantropologi. Fagene eg tok var:- ANTH204 Pacific and New Zealand archaeology (7,5 stp)- ANTH208 Archaeological Methods (7,5 stp)- ANTH211 Contemporary Ethnographic Research (7,5 stp)- ANTH327 Anthropology of Money (7,5 stp).

Hva tenker du å gjøre etter mastergraden din?
Eg tenkjer å prøve å ta ein doktorgrad i sosialantropologi, men det kan nok vere at eg må ta meg ein liten pust i bakken før eg går vidare med det.