Gjenstridige problem, samspel og samordning i offentleg sektor

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Samfunnet og forvaltinga står ovanfor store og komplekse samfunnsproblem som gir styringsutfordringar på tvers av nivå og sektor. Emnet handlar om slike gjenstridige problem (wicked problems), som utfordrar styringskapasitet og styringslegitimitet, og som krev auka samhandling, samspel og samordning mellom ulike styringsnivå og organisasjonar, mellom ulike delar av forvaltinga, mellom offentleg og privat sektor, og mellom myndigheitene og befolkninga.

Målet med emnet er at studentane skal tileigne seg djup kunnskap om sentrale utfordringar for forvaltinga knytt til gjenstridige problem, og innsikt i organisering og styring knytt til desse problem. Studentane lærer om vilkår for samarbeid og samordning i møte med komplekse og gjenstridige problem, om korleis styring og organisering av offentleg verksemd i møte med slike problem blir til og føregår i praksis, og korleis styringspraksis og organisering påverkar moglegheita for samordning og problemløysing. Sentrale spørsmål er kva styringsmoglegheiter og strategiar staten har, korleis samordning og samhandling på tvers av organisasjon, sektor og nivå føregår, og kva konsekvensar ulike former for organisering og styring har.

Emnet har tre hovudtema: 1) internasjonalisering, 2) digital transformasjon og 3) handtering av store kriser.

Studentane tileignar seg kunnskap om sentrale teoriar, akademiske debattar og ulike metodologiske tilnærmingar knytt til dei tre hovudtema. Emnet rettar spesiell merksemd mot nyare forsking innan desse temaene og legg vekt på utveksling av erfaringar mellom forsking og praksis, også på tvers av dei ulike sektorene som studentane representerer og jobbar innanfor.

Første del av emnet handlar om utviklinga og betydninga av gjenstridige problem med utgangspunkt i internasjonalt arbeid i forvaltinga. Internasjonale og europeiske organisasjonar, institusjonar og avtaleverk har stor betydning på mange politikkområde. Komplekse utfordringar knytt til til dømes pandemi, krig og konflikt i Europa, Brexit og klimaendringar utfordrar internasjonalt samarbeid. Dei multilaterale institusjonane som Noreg tradisjonelt har gitt stor betydning, som FN-systemet og WTO, kan svekkast av konfliktar mellom EU og USA på den eine sida og Kina og Russland på den andre. I denne delen av emnet arbeider studentane med spørsmål og problemstillingar knytt til kva utviklingstrekkane på internasjonalt nivå kan bety for Noregs moglegheit til å handtere nasjonale interesser, korleis relasjonane mellom medlemslanda og institusjonane i EU utviklar seg, og kva dette kan bety for «utenforlandene» Noreg, Island, Sveits og Storbritannia i møte med gjenstridige problem.

Den andre delen av emnet handlar om digital transformasjon i offentleg sektor. Studentane lærer om korleis digitalisering påverkar forvalting og politikk, og korleis offentlege myndigheiter i Europa handterer den aukande digitaliseringa i praksis. Eit viktig tema i denne delen av emnet er kva moglegheiter og utfordringar den digitale transformasjonen fører med seg, med særleg vekt på utfordringar og strategiar knytt til samhandling og samspel - mellom offentlege myndigheiter, mellom offentlege myndigheiter og aktørar i privat og frivillig sektor, og mellom offentlege myndigheiter og befolkninga. Studentane får kunnskap om betydninga av digital transformasjon, innsikt i viktige problemstillingar og debattar knytt til bruk av digitale verktøy, data og kunstig intelligens, og kunnskap om ulike aspekt av styring og leiing i innovasjonsprosessar knytt til digitalisering og samarbeid.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta emne ha oppnådd følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert kunnskap om nyare teori og forsking om gjenstridige problem og relaterte styringsutfordringar
  • har inngåande kunnskap om spenningar og dilemma knytt til organisering og styring på område der store og komplekse samfunnsutfordringar krev samspel og samordning på tvers av sektorar og nivå
  • har innsikt i sentrale statsvitskaplege omgrep, problemstillingar og perspektiv knytt til internasjonalisering, digital transformasjon og handtering av store kriser

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan analysere moglegheiter og utfordringar knytt til organisering og styring i møte med gjenstridige problem
  • kan vurdere og diskutere relevansen av ulike teoriar, metodar og faglege perspektiv i møte med gjenstridige problem
  • kan forhalde seg kritisk til ulike informasjonskjelder, samle inn og analysere relevante data for å utvikle gode faglege løysingar på komplekse utfordringar og problemstillingar knytt til internasjonalisering, digital transformasjon og handtering av store kriser
  • kan identifisere behov for samspel og samordning på tvers av ulike myndigheitsorgan, forvaltingsnivå og sektorar i møte med gjenstridige problem

Generell kompetanse 

Kandidaten

  • kan diskutere, analysere og anvende ny kunnskap for å svare på relevante styringsutfordringar og styringsmål som går på tvers av fleire politikkområde og sektorar
  • kan formidle avanserte faglege resonnement til ulike aktørar innan offentleg politikk og forvaltning
  • kan bidra til nytenking og utviklingsarbeid i eigen organisasjon og på tvers av ulike myndigheitsorgan, forvaltingsnivå og sektorar

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning, master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen, Oslo og Brussel (studietur)
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak gjennom UiB Videre
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er organisert som eit samlingsbasert deltidsstudium og strekkjer seg over eitt semester. Emnet består av tre fysiske studiesamlingar, totalt seks dagar. Ei av samlingane vil bli organisert som ein studietur til Brussel. Studieturen vil vere eit fagleg opplegg med internasjonale gjesteforelesarar med særleg kompetanse på eitt eller fleire av emnets hovudtema, og med moglegheit for å besøke relevante EU-institusjonar. Det blir forventa at studentane deltek på alle undervisningsaktivitetar.

Dei fysiske samlingane kombinerer førelesingar, oppgåveløysing, erfaringsutveksling og diskusjonar om faglege casar i mindre grupper. Gruppene vil som hovudregel vere tverrfaglege og/eller satt saman av studentar frå ulike departement og underliggjande verksemder. Erfaringslæring og praktisk bruk av teori og modellar utgjer ein viktig del av den pedagogiske tilnærminga, og det blir lagt til rette for at studentane både får utnytte eigen erfaring og lære av kvarandre knytt til dei sentrale tema og faglege problemstillingane i emnet.

Emnet er organisert som eit samlingsbasert deltidsstudium og strekkjer seg over eitt semester. Emnet består av tre fysiske studiesamlingar, totalt seks dagar. Ei av samlingane vil bli organisert som ein studietur til Brussel. Studieturen vil vere eit fagleg opplegg med internasjonale gjesteforelesarar med særleg kompetanse på eitt eller fleire av emnets hovudtema, og med moglegheit for å besøke relevante EU-institusjonar. Det blir forventa at studentane deltek på alle undervisningsaktivitetar.

Dei fysiske samlingane kombinerer førelesingar, oppgåveløysing, erfaringsutveksling og diskusjonar om faglege casar i mindre grupper. Gruppene vil som hovudregel vere tverrfaglege og/eller satt saman av studentar frå ulike departement og underliggjande verksemder. Erfaringslæring og praktisk bruk av teori og modellar utgjer ein viktig del av den pedagogiske tilnærminga, og det blir lagt til rette for at studentane både får utnytte eigen erfaring og lære av kvarandre knytt til dei sentrale tema og faglege problemstillingane i emnet.

Det blir brukt problembaserte og casebaserte undervisningsformer, med særleg vekt på at studentane anvender teori og kunnskap på verkelighetsnære problemstillingar og reelle case knytt til internasjonalisering, digital transformasjon og handtering av store kriser.

Mellom samlingane jobbar studentane på eiga hand og i mindre grupper med ulike læringsaktivitetar, som kan inkludere arbeid knytt til å sjå undervisningsvideoar, lese litteratur, svare på quiz, løysa oppgåver og reflektere rundt relevante problemstillingar henta frå eigen organisasjon eller jobbrolle.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Mappevurdering.

Mappa består av tre delar: Etter kvar undervisningssamling skal studentane skrive ei skildring på omlag 2000 ord med utgangspunkt i hovudtemaet for samlinga. Det leggast opp til at studentane gir skriftlege kommentarar på kvarandres utkast undervegs. Dei tre skildringane kan bearbeidast fram mot innlevering mot slutten av semesteret, og vil saman danne grunnlaget for sluttvurdering i emnet. Arbeida får ikkje karakter kvar for seg, men utgjer samla grunnlag for karakterfastsetting, der oppgåvene har same vekt.

Karakterskala
Karakterskala A-F, der E er lågaste ståkarakter.
Vurderingssemester

Vår

Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta til UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til studieveileder.gov@uib.no innen innleveringsfristen.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12 for det komande semesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i samsvar med retningslinjer for evaluering av emner ved Universitetet i Bergen v/Institutt for politikk og forvaltning.
Programansvarleg
Programstyret, der representanter for samarbeidsmiljøene er med, har ansvar for faglig innhold og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet. Ansvarsforholdet er regulert i samarbeidsavtalen som er inngått mellom Universitetet i Bergen og Norges Handelshøyskole om utvikling og drift av fellesgraden
Emneansvarleg
Lise H. Rykkja
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.